Andre påskedag i fjor døydde 56 år gamle Torleif Steinar Yttri i ein lyngbrann i Fortun i Luster. Dei pårørande slo seg ikkje til ro med at dødsfallet skuldast ei ulukke og hyra inn privatetterforskar Walter Andersen. Han meinte dødsfallet var mistenkjeleg og klaga på etterforskinga på vegner av pårørande.
– Kunne vore granska betre
No har statsadvokat Bjørn Soknes bede politiet i Sogndal om å sjå på saka på nytt, men han vil ikkje svare på kva politiet konkret skal undersøka. Soknes ser ikkje bort frå at politiet kunne vore grundigare.
– Det var sider ved etterforskinga som kanskje skulle vore granska litt betre litt tidlegare, seiar statsadvokaten.
Ønskte Kripos
Walter Andersen tykkjer det er bra at saka vert teken opp att. Andersen ville at Kripos skulle ta over saka, men vonar at etterforskinga no vert grundig.
– Vi får vone at alle steinane blir snudde under den nye etterforskinga, seier Andersen.