Mats Solheim vart bytt inn i pausen, og sørga for at Sogndal vann heimekampen 2-1 mot Notodden søndag. Scoringa kom i det 87. og det 91. Minutt. Notodden såg ut til å vinne kampen, etter ei straffscoring like etter pause.
Viktig kamp for begge lag
Notodden, som denne veka bytte ut tidlegare SIL-trenar Jan Halvor Halvorsen, med Arne Sandstø, ville gjere sitt for at Sogndal ikkje skulle vinne denne kampen.
Den fyrste omgangen vil, sett frå eit publikumssperspektiv bli rekna som kjedeleg. Nokre halvfarlege sjansar til begge lag var det, men verken Kenneth Kvalheim eller Kavin Bryan noterte seg på scoringslista.
Straffescoring
Rett etter pause vart nemnde Bryan rive ned av Lars Grorud på veg igjennom, og dommar Trygve Kjensli dømde det som såg ut til å vera ein soleklar straffe. Trond Viggo Toresen gjorde ingen feil på ellevemeteren, og Notodden tok leiinga tidleg i andre omgang. Seinare i omgangen var Notoddenspiss, Abdurahim Laajaab farleg frampå. Han heada, Sogndalskeeper Piotr Lecejewski slo ballen opp i tverrliggaren, før ballen spratt ned på streken, der Piotr fekk kontroll.
Solheim
Marginane som Notodden ikkje hadde med seg, hadde Mats Solheim på si side nokre minutt seinare. Frå lang avstand skaut han, via ein Notoddenspelar i mål. Kun fire minutt seinare fekk han ei tå på eit innlegg, la på til 2-1 og sikra Sogndalsiger eitt minutt på overtid.
Les kampreferat her: