"Haikaren" har likskapar med sikta.
Mannen blir sikta for forsetteleg drap. 41-åringen er kravd varetektsfengsla i fire veker. Politiet vil ha mannen fengsla for at ikkje bevis skal bli øydelagde.
- Rett mann
– Vi meiner vi har tatt rett mann, sa Sissel Kleiven på pressekonferansen.
Den sikta har sagt seg villig til å bli avhøyrd vidare. Politiet vil ikkje seia noko om kva mannen har forklart.
Hektisk aktivitet på politihuset i Førde i morgontimane. Foto Randi Indrebø NRK.
Lensmann Kjell Fonn vil heller ikkje stadfeste om mannen er identisk med den såkalla 'haikaren', men han seier at det er likskapar.
Avhøyrd i september
Mannen var i Førde kvelden før drapet, og var inne til avhøyr i slutten av september. Då gav han spytteprøve, og det er samanfall i DNA-profilen i denne og i funn på drapsstaden.
Mannen vart pågripen kl 1600 torsdag ettermiddag utan nokon form for dramatikk.