DNA er molekylet inneheld den genetiske informasjonen i cellene våre.
Kvar dag legg vi att spor etter oss på stader der vi har vore. Enten det er i butikken, på jobb - eller rett og slett på do. Vi klarer ikkje å bevege oss utan at vi for eksempel misser hårstrå eller etterlet eit avslørande fingeravtrykk.
Dette er døme på såkalla biologisk materiale, og forskarane hevdar at det ikkje finst to like profilar i verda. Det er slikt biologisk materiale frå åstaden og på den drepne, som er i ferd med å bli kartlagt.
Det mest avslørande biologiske sporet er DNA. DNA står for deoksyribonukleinsyre - på engelsk: deoxy ribonucleic acid. DNA er molekylet inneheld den genetiske informasjonen i cellene våre. Gena våre består av DNA.
Kan innehalde svaret
I dag ventar altså politiet på om dei har ein DNA-profil som dei ikkje kjenner, eller i beste fall der gjerningsmannen er kjend, slik at vi kan få svaret på kven som drap Anne Slåtten.
Spyttprøver kan gje svaret på drapsgåta. (Arkivfoto: NRK)
Profilen finn politiet ved å samkøyre to ulike register. Det eine er identitetsregisteret, der profilane i saker med kjend gjerningsmann er samla. Så har vi sporregisteret der ein ikkje kjenner gjerningsmannen. I dette registeret finst det i dag om lag 600 profilar.
Mange prøver
Samstundes har politiet alt teke spyttprøver av ei rekkje personar som igjen vert samanlikna med dei funna som er gjort på staden der Anne Slåtten vart drepen. Politiet seier dei har teke prøver av personar som har vore i nærleiken av åstaden.
DNA er arvestoffet vårt, og DNA-profilen er ulik for kvart enkelt levande vesen. Arkivfoto)
Men også såkalla moduspersonar har avlagt prøver med spytt til politiet. Dette kan vere personar som kan ha gjort liknande kriminelle handlingar tidlegare, men førebels har ikkje politiet villa utdjupe kva type kriminelle handlingar desse personane har begått, og dei vil heller ikkje gå ut med kvar prøvene er tekne.
Skulle politiet måtte hente inn fleire spyttprøver, så kan politiet gjere det med heimel i lova.