Hopp til innhold

Djuvik ufrivillig medlem av hatgrupper mot barnevernet

Minst fire gonger dei siste vekene har politikar Frank Willy Djuvik (Frp) opplevd å bli meldt inn i Facebook-grupper som spreier hat mot barnevernet.

Djuvik forbanna etter ufrivillig innmelding i hatgrupper mot barnevernet

BELASTANDE: Frank Willy Djuvik (Frp) seier det er belastande å bli meldt inn i grupper med standpunkt som er stikk i strid med det han sjølv står for.

Foto: Montasje: Skjermdump frå Facebook/Halvor Farsund Storvik / NRK

Seinast i går oppdaga han det siste tilfellet. Djuvik vart først gjort merksam på innmeldinga av ein partikollega. Då var begeret allereie breiddfullt.

– Eg blir utruleg irritert. Når du melder folk inn i grupper med så kontroversielle standpunkt, bør du i det minste ha folkeskikk nok til å spørje først, seier han.

Spreier hat og rykte

På Facebook er det nemleg mogleg å leggje folk til grupper, utan dei sjølve veit om det eller har takka ja til invitasjonen.

Det er ein sjanse som enkelte vel å utnytte. Den siste tida har det dukka opp fleire grupper som spreier hat og rykte om både enkelttilsette, klientar og mot barnevernet som institusjon.

– Folk kan sjølvsagt melde seg ut igjen. Men for mange er det fort å ikkje legge merke til det. Det er belastande å vere innmeldt i grupper med standpunkt som er stikk i strid med det du sjølv meiner, seier Djuvik.

Tek til orde for å leggje ned barnevernet

Han merkar seg at fleire reagerer med sinne i kommentarfelta. For han som politikar er det ekstra belastande.

– Eg har veldig mange som går inn på mi Facebook-side for å sjå kva standpunkt eg har i forskjellige saker. Når det kjem opp at eg er med i grupper som er mot barnevernet, så er det klart folk vil reagere negativt på det, seier han.

Det som skremmer han mest, er hatet desse sidene prøver å spreie. Fleire av dei tek til orde for å leggje ned barnevernet.

– Eg trur ikkje barnevernet er perfekt, men er det nokon eg verkeleg har stor respekt for, så er det dei tilsette i barnevernet. Dei har kanskje den tøffaste jobben eit menneske kan ha. Det å jobbe med overgrep og omsorgssvikt overfor ungar, trur eg det er få av oss som greier, seier Djuvik.

– Så eg har så stor respekt for dei som kjempar for desse ungane kvar einaste dag og så skal dei oppleve slike angrep frå useriøse grupper i sosiale medium.