Hopp til innhold

I kveld startar Larrisfestivalen

Odd Erik Lothe er ein travel artist og ein travel mann. I samband med Larrisfestivalen i Førde til helga, fekk han jobben med å skrive festivalsong. Det gjorde han, men i siste liten.

Odd Erik Lothe

– Eg har hatt ei strevsam veke. No har eg akkurat levert inn skatteoppgjeret. Så eg fekk tid til å byrje på songen på flytoget.

– Korleis kom dette i stand, at du tek på deg å skrive ein festivalsong berre timar før festivalen startar?

– Nei, altså, eg fekk oppdraget for lenge sidan. Men eg har ikkje hatt tid å byrje før no, ler Lothe.

Om bygdedyret og vanskeleg kjærleik

Når NRK snakkar med Lothe, sit han på Gardermoen og skriv songen. I siste liten, ja; men Lothe er ein effektiv mann.

– No har eg faktisk eit utkast klart. Så, eg trur det skal verte ein fin festivalsong.

– Kan du røpe noko av tematikken?

– Eg har jo forstått at Larrisfestivalen er ein hyllest til kreativiteten og kunsten. Så eg har freista skrive litt om det, seier Lothe.

I tillegg har han forsøkt å fortelje om korleis det er å vakse opp på bygda.

– Kva musikken og poesien har å seie heilt frå barnsbein av: korleis ein skal takle bygdedyret, den vanskelege kjærleiken og det endå vanskelegare vaksenlivet.

Høyr eit utdrag her

Til trass for dårleg tid, hadde Lothe ei viss aning om korleis songen skulle bli. Og han likar den dårlege tida.

– Då vert det ein skriv litt spontant og friskt. Det fungerer fint for meg.

Både song og tekst er ny.

– Dei beste ideane har ein tendens til å ramle ned i fanget. Nokre brukar ein fleire år på, men dei beste og friskaste kjem ofte som eit lysglimt.

(Artikkelen held fram under Odd Erik Lothe sin song)

Eit kort utdrag frå refrenget på festivalsongen Odd Erik Lothe dikta på flyplassen dagen før Larrisfestivalen

Vidare kan han røpe at eit flott Oddvar Torsheim sitat vert nytta.

– «Det er for seint å gje opp.» Det er litt djupt, litt svart, men med ein latter bakom. Det likar eg veldig godt. Vi får ramle vidare, uansett korleis det går.

Fullpakka meny fredag...

Larrisfestivalen er kalla opp etter Oddvar Torsheim si kjende vise "Larris tok ein Farris. Og namnet er ein hyllest til Torsheim.

– Han står for ein del eigenskapar som vi som festival vil stå for: Det kreative, det leikne og det humørfylte.

Det seier ein av arrangørane av festivalen, Per Øyvind Helle. Han vedgår at han merkar nervane no når det nærmar seg.

Per Øyvind Helle

GLER SEG: Siste innspurt er i gang. I kveld kan du sjå Hellbillies på scenen bak Per Øyvind Helle

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Pulsen er litt over kvilepuls no.

Hellbillies er i gang med lydprøvar fredag ettermiddag. Det heile startar klokka 21.

– Då startar Stardalen Mannskor festivalen. Vi håpar mange kjem. Seinare på kvelden er det Hellbillies, seier Helle.

Og til slutt på fredagen er det Elvis på norsk. Med ingen ringare enn Odd Erik Lothe.

...Og ikkje noko mindre laurdag

Larrisfestival

3000? Helle fortel at dei har seld 1700 bilettar, men håpar opp mot det doble.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Laurdag har arrangørane også mykje å by på. Det vert kunstutstilling mellom 11 og 14.

– Born frå Vevring, Vassenden, Eikefjorden og Førde har laga ei fantastisk utstilling med 120 kunstverk. Vi håpar folk kjem og byr, for inntektene går til Operasjon Dagsverk og born i Syria, seier Helle.

Og det stoppar ikkje der. Det vert eit stort ungdomsshow, før det brakar laus med nye konsertar på kvelden.

– Frida Amundsen er eit poptalent utanom det vanlege. Silja som vann Stjernekamp kjem, og ho er heilt magisk på scenen.

Dei har seld 1700 billettar. Helle seier dei håpar på 3000 totalt.

Området er som skapt for folkefest, fordi det er så fortetta, forklarar Helle. Til slutt er det klart for CC Cowboys.

– Det vert solnedgang med Larris og Farris, og Harry og Tigergutt, seier han.