Hopp til innhold

Difor tok han norske justismord til tingretten

Kvar dag blir kriminelle dømde i landets mange rettssalar. Nokre av dei er uskuldige. I ein rettssal i Førde fekk tingretten i dag høyre historia om nokre av Norges mest kjente justismord.

Kvar dag blir kriminelle dømde i landets mange rettsalar. Nokre av dei er uskuldige. I ein rettssal i Førde fekk tingretten i dag høyre historia om nokre av Norges mest kjente justismord.

TEATER I TINGRETTEN: Thomas Bye framførte i dag stykket sitt 0 + 0 = 4 i Fjordane tingrett. FOTO: Tale Hauso.

– Æsj, han forfølgjer meg..

- Han følgjer etter ho til Skippergata 6B. Ho låser dei begge inn, han tek livet av henne.

Mannen som står på golvet i rettssal 3 i Fjordane tingrett vender seg mot tilhøyrarane. Fortel engasjert.

Men han er ingen kriminell. Thomas Bye er derimot skodespelarar og framfører teaterstykket kalla 0 + 0 = 4.

– Det er ei personleg forteljing om korleis eg heilt tilfeldig kom til å bli utruleg oppteken av norske justismord, seier Bye om stykket.

Tek for seg kjende kriminalsaker

Det er ikkje vanleg at ein har teaterframføring i ein rettssal, men for dette stykket var det den perfekte staden, meiner skodespelaren.

I dag var det nemleg urpremiere på stykket som handlar om justismord som har skjedd i norske rettssalar. Publikum var dei som jobbar i tingretten.

– Førestillinga gjer djupdykk i nokre av Norges mest kjende kriminalsaker, sakene mot Per Liland, Fritz Moen og Fredrik Fasting Torgersen, seier Bye.

Felles for desse sakene er at dei alle vart offer for justismord – dei vart dømde for brotsverk dei ikkje hadde gjort.

(Artikkelen held fram under biletet)

Thomas Bye framfører stykket 0 + 0 = 4 i Fjordane tingrett

JUSTISMORD: I stykket fortel Thomas Bye si personlege historie om korleis han vart svært oppteken av norske justismord.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vil gje folk ein tankevekkjar

Bakgrunnen for førestillinga går tilbake til 2007, då Bye spelte i Jens Bjørneboe sitt stykke Tilfellet Torgersen. Bye vart då overtydd om at Torgersen var utsett for eit justismord, men like før premieren på stykket fekk Torgersen avslag på å få saka prøvd på ny.

Etter dette slukte Thomas det han kom over av litteratur om justismord, og han kom også i kontakt med menneske som jobba for å frikjenne folk dei meiner har blitt uskuldig dømde.

I stykket 0 + 0 = 4 fortel Thomas Bye si historie, og i monologen får publikum innblikk i kor oppslukt han vart av temaet justismord.

– Kva ønskjer du å oppnå med stykket?

– Eg håpar folk kan få seg ein liten tankevekkjar i forhold til at det har skjedd vanvitige rettsskandalar i vår levetid, seier Bye til NRK.no.

Difor ville han framføre stykket i retten

Dagens publikum var dei tilsette i Fjordane tingrett. På radene som vanlegvis er fylte av familie, vener, kollegaer og journalistar sat i dag dei som brukar stå på den andre sida. Dei som dømmer folk til fengsel. Eller frifinn dei.

Nettopp difor var det viktig for Bye å få vise stykket sitt her.

– Det er jo i rettssalane justismorda skjer. Det er her heilt vanlege menneske følgjer sakene, her heilt vanlege journalistar dekka sakene. Men ingen oppdaga justismorda.

– Difor er det ekstra viktig at retten lar ein av sine, i hermeteikn, kritikarar, komme inn og fortelje om nokon av sakene som har gått føre seg i norske rettssalar, seier Bye.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tingretten vart i dag arena for teater

VIKTIG: Skodespelar Thomas Bye seier det var spesielt viktig å få framføre stykket nettopp i ein rettssal.

Foto: Tale Hauso / NRK

«Gripande» og «tankevekkjande»

Og mange vart gripne av framsyninga på golvet framfor dei. Ein av dei var tingrettsdommar Walter Høivik.

– Eg synest det var gripande. Det var interessant og tankevekkjande, seier han.

Også administrasjonssjef ved Fjordane tingrett, Vibeke Hafstad Wennevold syntest stykket var sterkt.

Vibeke Hafstad Wennevold

ANSVAR: Vibeke Hafstad Wennevold er administrasjonssjef ved Fjordane tingrett. Ho seier stykket minna dei på kor viktig jobben deira er.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg sat eigentleg med gåsehud heile førestillinga. Det trefte meg veldig. Vi har eit utruleg stor ansvar, og dette minner oss på kor viktig jobben vi gjer i rettssalane er, seier ho.

Sorenskrivar Terje Movath meinte at framføringa tok opp eit særs viktig tema.

– Det er tankevekkjande. For oss i tingretten som dømmer nokon kvar dag, så er dette eit veldig viktig tema. Dette er ein inspirasjon til å diskutere saka vidare, seier han.

Skodespelaren sjølv var også nøgd med framføringa.

– Eg trur folk vart litt sjokka og får ein skikkeleg støkk i seg. Dette var den perfekte staden, så det kunne ikkje blitt betre, seier Bye.