Hopp til innhold

Difor ser bilistane raudt

For kort avstand og manglande blinklys får bilistane til å sjå raudt.

Illustrasjonbilde: Bak rattet

Illustrasjonsfoto

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

Det viser ein undersøking om bilkøyring frå forsikringsselskapet If.

KVA IRRITERER DEG SOM BILIST? SEI DI MEINING NEDERST I SAKA.

Blinklys og avstand

Bilistar som held for kort avstand til bilen framfor seg og bilistar som ikkje brukar blinklys, får fire av fem bilistar i Sogn og Fjordane svært irritert.

- Altfor mange ulukker skjer fordi bilistar slurvar med elementære trafikkreglar. Vi ser at det som irriterer oss mest, er når andre si framferd i trafikken aukar risikoen for ulukker og skader, seier informasjonsdirektør Jack Frostad i If.

SAKA HELD FRAM UNDER TABELLEN.

Slik svara 1.900 nordmenn på undersøkinga.

Sogn og Fjordane

Heile landet

Under 29 år

30-39 år

40-49 år

Over 50 år

Manglande blinklys

78%

78%

72%

78%

79%

81%

Bilistar som held for kort avstand til bil framfor seg

78%

73%

61%

71%

78%

78%

Dårleg vegstandard

74%

65%

59%

70%

71%

64%

Bilistar som snik i køa

61%

62%

58%

60%

67%

63%

Sneglekøyrarar

63%

58%

60%

64%

64%

52%

Råkøyrarar

59%

52%

40%

48%

47%

63%

Bilistar som snakkar i mobiltelefon utan head-set

45%

46%

33%

36%

43%

59%

Køsnikarar irriterer

Dårleg vegstandard og køsniking scorar også høgt i undersøkinga. Spesielt blant bilistar i alderen 30-49 år. På landsbasis svara sju av ti at dei i svært stor grad, eller stor grad, blir irritert av desse momenta.

Råkøyrarar og sneglekøyrarar irriterer tre av fem bilistar. Medan dei over 50 år irriterer seg over råkøyrarane, er det motsett for dei under 30 år.

Meir egoisme

Undersøkinga konkluderer med at egoismen aukar bak rattet. Spesielt seniorar opplever i stor grad egoisme. Opplevinga av auka egoisme er er størst i område med tettare trafikk.

- Nesten halvparten av innbyggjarane i Norge opplever at vi tek mindre omsyn til kvarandre i trafikken. Dette er uroande og gjev signal om auka risiko og farlege situasjonar og fleire skadar, seier Frostad.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.