Hopp til innhold

Difor bør vi gjere som i nord og ta i mot fleire flyktningar

Det er merkeleg at vi som treng tilflytting, ikkje ser moglegheitene, meiner toppbyråkrat.

Meiner vi må busetje fleire flyktningar

MERKELEG: Mange flyktningar vert buande i asylmottak, som her på Bergum i Førde, sjølv etter at dei har fått opphald. Geir Barvik i IMDi (til høgre) meiner det er merkeleg at vi ikkje ser fordelane med å busetje fleire flyktningar.

Foto: MONTASJE: ODDLEIF LØSETH/PÅL KNUTSEN

Trønderane og nordlendingane, derimot, har skjønt det.

– Der har dei ein meir offensiv haldning til at flyktningar faktisk kan representere ein ressurs for lokalt næringsliv, seier Geir Barvik, direktør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)

Ser ikkje moglegheitene

Denne veka har IMDi vore på rundreise i Nordfjord. Statistikken deira viser at talet asylsøkjarar og flyktningar berre vil auke dei neste åra. Alt i dag sit fem tusen menneske fast på mottak, sjølv om dei har fått opphald.

Ifølgje Barvik vil desse kunne gje naudsynt tilflytting og vekst i Sogn og Fjordane. Om ein berre gjev dei ein plass å bu.

Alfred Bjørlo

FÅR ROS: Eid og ordførar Alfred Bjørlo er ein av få kommunar som får ros for at dei aukar talet busette flyktningar.

Foto: Kristin Eide

– Behovet for arbeidskraft er nesten høgare her enn i Nord-Norge. Då kan ein stille spørsmålet om kommunane i fylket er offensive nok, seier han.

Det er nokre unnatak. IMDi gir Eid ros for at dei har auka talet på flyktningar frå 10 til 30 i året.

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), meiner kommunane må ta eit felles tak, og utfordrar Høgre og Frp til å gi tydelege signal til sine folkevalde.

– Dette er ei sak som krev politisk leiarskap, seier han.

Får uventa støtte

Kanskje noko uventa, men dei blåblå fylkesleiarane nærast kappar om å støtte utspelet. Frp sin fylkesleiar Frank Willy Djuvik seier at heimkommunen Flora faktisk tener pengar på å ta i mot flyktningar.

Frank Willy Djuvik

UVENTA STØTTE: Frank Willy Djuvik seier heimkommunen Flora tener pengar på å busette flyktningar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Og det er altså etter at ein har betalt kostnader til både skule, barnehage, NAV, helsestasjon, seier Djuvik.

Fylkesleiar Arve Mjømen frå Høgre er samd i at Sogn og Fjordane har vore for dårlege.

– Eg trur det er heilt naudsynt at vi løftar oss og gjer den jobben vi bør gjere, seier han.

Trass dei politiske godorda, Barvik meiner vi har ein jobb å gjere. Og det held ikkje å skulde på at kommunane våre er for små til å takle utfordringane.

– I Nord-Norge og Trøndelag er det små kommunar som satsar offensivt på å ta imot flyktningar, seier han.