Hopp til innhold

Dette visste du neppe at ordføraren kunne brukast til...

Steinar Svardal i Stavang har fått unnagjort julevasken på ein måte litt utanom det vanlege. I går kveld svinga Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen og banksjef i Sparebanken Vest, Bjørn Erik Kringstad vaskefilla over huset hans så det stod etter.

Created by InfoDispatcher

STOD PÅ: Innsatsen til vaskekarane var det lite på seie på, meiner Steinar Svardal. Foto/redigering: Truls Kleiven

– Eg var så heldig at eg vann ein julenedvask av huset i årets TV-aksjon. Og det kunne ikkje passa betre, for eg har ikkje tid til å vaske ned huset til kona, ler Svardal, som for mange er ein kjend kjøpmann på Eurospar Krokane.

TV-aksjonen i år samla inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for å sikre reint vatn og trygge sanitære forhold. Under innsamlingsaksjonen i Sogn og Fjordane var det tre auksjonsobjekt folk kunne vere med å by på.

Punga ut 3.200 kroner for julevask

Eitt av dei var å få julevasken gjort av sjølvaste ordføraren i Florø. Svardal punga ut 3.200 kroner for å få reint hus til jul.

Og det var ikkje heilt tilfeldig. Allereie i oktober signaliserte kona hans at ho kom til å få det ekstremt travelt på jobb før jul, og at gemalen måtte ta seg av julevasken.

– Og det fiksa eg glatt, om eg skal seie det sjølv, ler Svardal.

På førehand var han litt usikker på om kva kompetansenivå ordføraren kunne skilte med når det gjalt nedvask av hus. Men det skulle syne seg at han uroa seg utan grunn.

Ordførar Solheim-Olsen tok nemleg ikkje lett på oppgåva. Som den kunnskapstørste mannen han er, vel van til å setje seg inn i krevjande saker, tok han for seg boka «Alt om reinhald», før han skrei til verket.

– Det var tungt å komme gjennom boka, men eg lærte mykje, ler Solheim-Olsen.

Gnikk, gnikk – og ikkje så mykje vatn

Reinhaldsleiar Sølvy-Janne Ommedal i BB Servicesystem heldt eit vake auga med at karane heldt høg standard på arbeidet som vart gjort.

– Det er viktig å ikkje bruke for mykje vatn, seier Ommedal.

Og akkurat dét tipset har ordførar Solheim-Olsen notert seg for seinare bruk.

Eg er stygt redd for at min nyvunne kompetanse vil bli grovt utnytta.

Bengt Solheim-Olsen

– Berre gløym alt av reingjeringssprayar, eingongsklutar, grønsåpe og salmiakk. Alt du treng er microfiberklut, seier Solheim-Olsen, lett euforisk.

Så biten av vaskebassillen vart han i går at han likså godt tok ein runde etter han kom heim i eige hus også.

– Eg tok med meg microfiberkluten i dusjen, og vips, så var alt gullande reint, seier Solheim-Olsen.

Klarar knapt å løfte armane

Men trass i tidlegare fotballkarriere, innrømmer han at han i dag har ilt både her og der.

– Eg har brukt nokre musklar som eg ikkje pleier å bruke. Det er så vidt eg klarar å løfte armane, ler ordføraren.

Ordførar i Florø Bengt Solheim Olsen, er klar til å ta julevasken hjå den som byr mest på auksjonen.

NIKS: - Eg har lært at slike sprayar er berre tull. Reint vatn og microfiberklut, det gjer susen, seier Bengt Solheim-Olsen.

Foto: Tom Øyvind Solheim

Men angrar, det gjer han ikkje.

– Nei, dette var ein ekstremt kjekk dag for ei god sak, og ikkje minst i lag med kjekke folk, seier Solheim-Olsen.

Det som er langt verre, er at han no står i fare for å få fleire oppdrag i kategorien julevask.

– Eg er stygt redd for at min nyvunne kompetanse vil bli grovt utnytta, ler Solheim-Olsen.

Hadde glatt betalt tre gonger så mykje

Rundt frukostbordet i dag kom sambuaren nemleg inn på om det ikkje var på tide med ein julevask i heimen også ...

– Og ho sende meg nokre blikk som tyda på at ho hadde store forventningar, seier Solheim-Olsen.

Med budsjettmøtet i kommunen unnagjort, er det ikkje unnskyldningar å hente der heller.

– Nei, juleferien er i gang i kommunen. Men mon tru om det ikkje er ei eller anna hastesak vi burde sett på, smiler Solheim-Olsen med glimt i auga.

I Stavang er kjøpmann Svardal djupt imponert over vaskeinnsatsen – og gler seg til jul i eit skinande reint hus.

– Eg er imponert over kor alvorleg dei tok jobben. Rett og slett. Dette hadde eg glatt betalt 10.000 kroner for, ler Svardal.