Hopp til innhold

Dette er stemma bak låten som toppar listene

Få veit at det er Naustdal-jenta Iselin Solheim si stemme vi høyrer på det som for tida er Norges og Sveriges mest populære låt.

Iselin Solheim

MEST POPULÆR: Iselin Solheim si stemme er for tida den mest populære i Norge og Sverige.

Foto: Pressefoto

Alan Walker si låt «Faded» har skote til topps på både VG-lista og Spotify sine lister både i Norge og Sverige. Og det med stemma til Iselin Solheim.

– Det kjennest heilt fantastisk ut. Den vert spelt mykje rundt om kring, og det er litt rart når ein plutseleg høyrer seg sjølv her og der. Eg trur ikkje det heilt har gått opp for meg at så mange har høyrt den, men det er veldig moro, seier artisten frå Naustdal.

Det er litt rart når ein plutseleg høyrer seg sjølv her og der

Iselin Solheim

– Trur nok folk blir litt overraska

Men dette er noko svært få er klare over, for namnet hennar er ikkje nemnd. Solheim er berre leigd inn av elektronika-artisten Walker frå Bergen. Dette er blitt meir og meir vanleg.

– Eg trur nok at folk blir litt overraska over at det er eg som syng. Det er veldig kjekt å leggje stemma si på det andre driv med, så eg synest det var ei kjekk oppgåve, seier Solheim.

I VG er bergensaren Alan Walker peika på som ein mogleg ny Kygo, ein annan artist frå Bergen som har gjort det sterkt både i inn- og utland med liknande musikk. Solheim meiner låten «Faded» lever opp til dette stempelet.

– Eg synest den er kjempefin. Då eg gjekk i studio digga eg den med ein gong. Det var berre ei fryd å kunne få syngje på den, seier ho.

Gir seg ikkje med musikk

Iselin Solheim

VIL GI UT EIGEN MUSIKK: Iselin Solheim kan ikkje seie så mykje enno, men ting er på gang.

Foto: Ann Kristin Engbakken

At ho ikkje får namnet sitt på ein låt som gjer det så godt, tek ho med slåande ro.

– Eg tenker ikkje så mykje på det. Det er Alan Walker sin song og eg er berre glad for at eg har fått vere med på eit så fint prosjekt.

– Er det aktuelt for deg å ta på deg fleire slike oppdrag?

– Eg synest jo det var veldig kjekt då, så absolutt. Eg kunne godt tenke meg det, men eg har også lyst å få fram mitt eige materiale. Så kanskje ein kombinasjon.

Eg held framleis på å lage musikk, men eg har ingen planar klare no som eg kan seie så mykje om

Iselin Solheim

I mai gav Solheim ut singelen «Giants» etter ein lang pause frå musikken. Etter det har det vore litt stille igjen, men jenta frå Naustdal har fleire ting på gang.

– Eg held framleis på å lage musikk, men eg har ingen planar klare no som eg kan seie så mykje om. Eg kan ikkje seie så mykje meir no, men eg gir meg ikkje med musikken. Så det kjem ny musikk, men eg veit ikkje heilt når, seier ho.