Hopp til innhold

For første gang på 63 år går Stavenes for eiga dampmaskin

Frå kol til motor, og tilbake til kol igjen. Det 112 år gamle skipet er tilbake i norske farvatn.

DS Stavenes. Teknisk prøvetur 15. desember 2016

PRØVETUR: DS Stavenes møter MS Njord på Byfjorden i Bergen.

Foto: Harald Sætre

– Vi har sett fram til denne dagen i årevis. Både eg og fleire vart ganske rørt, seier Øyvin Konglevoll.

Han er leiar for Veteranskibslaget Stavenes, og vart blank i auga av å sjå Stavenes på Byfjorden med røyk ut av pipene i dag. Dei same auga såg då DS Stavenes vart slept til inn fjorden til Granvin i 1991, etter mange år i teneste i England.

Det har vore ein lang veg for å få skipet til å gå for eiga maskin, fortel Konglevoll.

Fekk overrakt skipsrattet til D/S Stavenes

HØGTIDELEG: Her får dei overrekt skipsrattet til dampskipet. Frå venstre: Leiar i Veteranskibslaget Stavenes, Øyvin Konglevoll, styremedlem Atle Raubotn, pensjonist og tidlegare skipsførar om bord i Stavenes Alfred Berge, Fjord1-vaktmeister og medlem i Veteranskibslaget Bjørn Korneliussen, HR-direktør André Høyset, og administrerande direktør Dagfinn Neteland.

Foto: privat

Pussa opp for 20 millionar

Det tok 25 år og fleirfaldige millionar frå skipet kom til moderlandet, til det igjen var på havet.

– Det var jo eit vrak. Men potensialet var betre enn det såg ut til. Så vi starta opp med stort pågangsmot og optimisme, men så stoppa det opp på grunn av økonomien, fortel Øyvin Konglevoll.

I 1995 gjekk det skikkeleg gale for oppussingsobjektet DS Stavenes:

Video Stavenes sokk ved kai

Til slutt var dei nokre få sjeler att som hadde tru på at skipet igjen skulle frakte passasjerar.

Skipet var innom fleire verft, arbeidet stoppa opp, og det såg til slutt mørkt ut for det gamle skipet.

– I 2005 tok vi det med ned til Fitjar, og der låg det i to år. Vi trudde neste steg var å senke det på havets djup. Men så byrja riksantikvaren og interessere seg, fortel Konglevoll.

Laget vart reorganisert. Dei som hadde teke skipet under sine vengjer har lagt ned over 2400 dugnadstimar, og enno er ikkje jobben ferdig. Stålarbeidet må ferdigstillast, og innreiinga må pussast opp.

– Men vi har nådd ein milepæl i dag. Vi er ferdige med den brattaste bakken.

Saluttkanon

SALUTT: No kan DS Stavenes igjen helse med salutt i fjordane. Skipet var lenge i teneste for FSF, og var det første bilførande fartøyet til selskapet.

Foto: privat

Kjem til Sogn og Fjordane til sommaren

I dag møttest gammal og ny tid i Byfjorden. DS Stavenes fekk helsingar frå dei moderne hurtigbåtane Njord som går frå selje, og Sognebåten frå Sogndal.

– Skipperen på DS Stavenes har nett gått av med pensjon, nettopp frå Njord. Så det var ganske spesielt, fortel Konglevoll.

Skipet gjekk ein gong i rute langs kysten av fylket, og spesielt mykje i Sognefjorden.

Konglevoll og dei andre entusiastane vil søke om passasjerløyve for skipet igjen.

– Og så ønskjer vi å få tilbake natthuset og kompasset som i dag står på Sjøfartsmuseet i Bergen, seier Konglevoll.

Etter planen skal skipet gå for eiga maskin frå Fitjar til Florø i sommar, slik at også folk i Sogn og Fjordane kan få sjå båten i full mundur.

– Vi planlegg å komme til Florø 6. august, seier Konglevoll.

DS Stavenes ved Noryards etter sjøsetting.

SJØSETTING: Denne gongen flaut det.

Foto: DS Stavenes