Hopp til innhold

Klarer ikkje å redusere billettprisane

HODLEKVE (NRK) Oslo Vinterpark og Geilo skisenter har halvert prisen på sesongkort. Det har starta ein debatt om prisane i norske skianlegg. Er det for dyrt eller må det til?

Preppemaskin

DYRT UTSTYR: Maskiner og lønn til dei som skal køyre dei kostar skisentera mest. Også straum til å drive anlegga kostar mykje.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Her ser du stikkene til det nye barnetrekket. Alt som er hogd her på myra er gjort på dugnad. Det er alfa omega for å få det til å gå rundt.

Kim Andre Nyløy Navarsete har brukt månadane sidan stenging i mai til å førebu Sogndal skisenter på ein ny sesong.

Preppemaskinene skal haldast ved like, tekrokane på heisane skal skruast opp, og nye trasear skal ryddast.

Snøen som er komen er tung av vatn. Men sesongkorta er lagt ut for sal, og no kryssar dei fingrane for at folk kjøper.

Heiskorta er deira einaste inntektskjelde. Det som svir i skikøyrarane sine lommebøker, er det som får skiheisane til å gå.

Kim andre nyløy Navarsete

DRIV ANLEGGET: Kim Andre Nyløy Navarsete sørger for at alt er klart til sesongen startar. Når snøen kjem blir det mange seine kveldar og netter i preppemaskina for å gjere alpinbakkane klare til morgonen.

Foto: Sigrid skjerdal / NRK

Dyr hobby

For det kostar nokre tusenlappar om du vil køyre på ski heile sesongen i ditt lokale anlegg. Spesielt om du også vil ha med familien din.

Geilo skisenter har halvert prisen på sesongkort i år. Det har starta ein debatt om prisen på heiskort i norske anlegg er for høg.

– Vi har seks tusen hytter her, og mange folk i bygda og bygdene rundt som er interesserte i å stå på ski. Så eg trur vi vil klare å komme opp i same omsetning som før, seier Elisabeth Tellefsen som er marknadssjef for skisenteret.

Ho trur ikkje heiskorta i Norge er for dyre.

– Det er veldig dyrt å drive skianlegg. Det trur eg mange gløymer litt, seier ho.

Færre folk, mindre pengar

– Ein satsar ikkje på skisenter for å bli rik her i området, seier Per Odd Grevsnes som er dagleg leiar ved Sogndal skisenter.

Per Odd Grevsnes

DAGLEG LEIAR: Per Odd Grevsnes ved Sogndal skisenter meiner prisen på sesongkort er så låg som den kan vere for at dei små skisentera skal gå i null.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Heiskorta er den viktigaste inntektskjelda skisentera har. Dei største utgiftene er lønn, og trakkemaskiner. Her har vi tretti timestilsette og èin i administrasjon. Med 3,6 millionar i inntekt så blir det ikkje mykje til overs.

Kunne de gjort som Geilo og halvert prisen på sesongkorta?

– Eg er heilt sikker på at det hadde vi ikkje fått til. Det er ikkje nok folk her som kjøper sesongkort, uansett om det hadde kosta ein tredjedel.

Litt lenger ute i fjorden, i Høyanger, ligg Siplo skisenter. Dei har kanskje dei lågaste prisane på sesongkort i fylket.

– Vi klarer det fordi vi får pengar frå kommunen. Utan dei måtte vi nok tredobla prisen, minst, seier Jan Gimle, som er driftsansvarleg.

Ventar på vinteren

I Hodlekve tek Kim Andre Navarsete eit overblikk over dei delvis kvite, men veldig blaute skibakkane.

Trakkemaskinene går som dei skal, og heisane er klare til å frakte folk til fjells.

– Vi treng berre litt snø no. Ein meter kanskje. Eller 1,20 om vi skal få dekka dei største steinane vi ikkje har hatt tid til å jamne ut enda.

Skiheis utan snø

HAUST: Vinter og snø er det dei kryssar fingrane for i skisentera rundt i landet no.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK