Hopp til innhold

Det er berre å setje sjøbein - for festival vert det, uansett!

Sjølv om dei tilsette ved Skjerjehamn har vorte permittert og drifta er sett på vent, er det ingen grunn til å tvile: Utkantfestivalen vert arrangert neste sommar også.

Viggo Randal

JA – DET BLIR UTKANT!: Det stadfestar festivalsjef Viggo Randal. Festivalen har fått ei avtale med Skjerjehamn om å få arrangere festival der neste sommar, uansett kva som skjer med drifta på feriestaden.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det har aldri vore aktuelt for å ikkje ha Utkant, seier festivalsjef Viggo Randal.

– Vi var ganske tidleg ute med ein avtale med Skjerjehamn om å arrangere festivalen neste år også.

Festivalleiaren seier at han har fått nokre spørsmål frå folk som lurer på om det kjem til å bli arrangert festival neste år.

Dei siste vekene har det vore skrive ein del i media om at drifta ved den gamle handelsstaden har vore usikker, og tidleg i november melde NRK at dei tilsette er sagt opp.

No har Utkant-festivalen fått ein avtale som sikrar at festivalen kan arrangerast ved Skjerjehamn uansett kva som skjer med drifta mot våren og sommaren.

Bergensartist klar for 2015

Utkantfestivalen har vore arrangert på Skjerjehamn i Gulen sidan 2007. I år besøkte 14.000 publikummarar festivalen ute i havgapet, og dei sette dermed publikumsrekord.

Artistar som Karpe Diem, Kari Bremnes, Veronica Maggio og Bjørn Eidsvåg har stått på scena tidlegare, og første namn for neste års plakat er allereie klart: Bergensartisten Monica Heldal.

– Det kjem til å bli heilt konge, meiner festivalsjefen, som også har fleire namn på blokka som litt etter litt vil bli presentert for dei som lengtar mot neste års festival.

– No kjem det fleire artistar mot jul, avsluttar Randal løyndomsfullt.