Tidlegare har jordmødrene sagt opp stillingane sine i protest mot vedtaket til Helse Vest om å gjere fødeavdelinga om til fødestove frå 1. januar.
Alle dei faste jordmødrene sa opp førre onsdag, og no leiger sjukehuset inn danske og svenske jordmødrer som er med på å halde drifta i gang fram til nyttår.
Fleire vurderer å seie opp
No kan altså jordmødrene få følgje av fleire. Dei ni barne- og hjelpepleiarane som er att på føden går no på arbeid utan glede, og fleire dei vurderer å gjere som jordmødrene, seie opp stillingane sine.
Barnepleiar Astrid Sognnes opplever den uavklara framtida til føden som psykisk slitande. Det er tunge dagar for tida, seier ho. Sognnes kjem førebels til å halde fram i jobben, men lett er det ikkje. Det er tøft å halde fram etter 1. oktober, seier barnepleiaren.
Resultatlaust møte
Barne- og hjelpepleiarane er redde for framtida si og har sakna informasjon frå Helse Førde. I september bad dei difor sjølve om eit møte med direktør ved Lærdal sjukehus, Leif Havnen. Men det hjelpte lite. Etter møtet kjenner barnepleiarane seg like usikre på kva som skjer med dei etter 1. januar.
Direktør ved Lærdal Sjukehus, Leif Havnen, forstår frustrasjonen til barnepleiarane. Han er likevel overraska over at fleire vurderer å seie opp. Dette er beklageleg, seier Havnen.