Hopp til innhold

Det havarerte helikopteret skal undersøkast

Statens Havarikommisjon for luftfart er no i gang med å undersøke helikopteret som måtte naudlande i Vik i går ettermiddag.

Helikopter havarerte på fjellet Liabakken i Vik

BLIR FJERNA: Helikopteret som naudlanda på Liabakken i Vik i går skal fraktast til Kjeller.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Helikopteret var i eit følgje på fem, men fekk problem med oppdrifta og måtte naudlande. Dei to som var i helikopteret kom frå det utan skadar.

Helikopteret blir no frakta til Kjeller for nærare undersøkingar, seier avdelingsdirektør Kåre Halvorsen i Havarikommisjonen.

Avdelingsdirektør Kåre Halvorsen med data fra helikopteret

VIL ETTERPRØVE INFORMASJON: Avd.dir. Kåre Halvorsen i Havarikommisjonen.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

– Helikopteret blir no løfta ut av eit anna helikopter og floge til Sogndal lufthamn Haukåsen og vil deretter bli sett på ein lastebil og frakta til Kjeller, der Havarikommisjonen held hus.

Har fått informasjon

Halvorsen fortel at dei har snakka med dei to som var i helikopteret då det måtte naudlande, og deretter velta over på sida.

– Vi har fått litt informasjon derifrå, og dette vil vi etterprøve når helikopteret kjem til oss.

– Er dette helikopteret godt eigna for flyging under norske tilhøve?

– Det vil eg ikkje seie noko som helst om. Det er eit helikopter som er sertifisert. Det er eit forholdsvis lite og lett helikopter, men ut over det vil eg ikkje seie noko om typen.

Han kan ikkje seie noko om når Havarikommisjonen kan kome med ein konklusjon. Granskinga av helikopterulukka utanfor Bergen har naturleg nok høgare prioritet.