Hopp til innhold

Det blir stadig færre fiskarar

Talet på fiskarar i fylket gjekk ned med 72 frå 2011 til 2012. No set næringa si lit til ungdomen.

Makrellbåt i Kalvåg

HØG ALDER: Mange fiskarar nærmar seg pensjonsalder. Denne fiskaren hadde eit godt makrellfiske utanfor Kalvåg hausten 2012.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Jarl Magne Silden

FRIR TIL UNGDOMEN: Jan Magne Silden.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

For to år sidan var 764 personar registert med fiske som hovud- eller biyrke i Sogn og Fjordane. Ved utgangen av fjoråret var det berre registert 692, viser tal frå Fiskeridirektoratet.

Går av med pensjon

Leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Jarl Magne Silden seier mykje av årsaka til nedgangen er høg alder blant fiskarane.

– Det er mange eldre innan fiskeria, og mange av desse går ut i pensjon. Og vi blir færre og større einingar, seier fiskarlagsleiaren.

Silden vedgår at samstundes som det blir større og meir effektive båtar, så forlet også mange yrket. No blir det jobba for å rekrutere nye fiskarar.

Banklinebåten Frøyanes (Ervik Havfiske)

BLIR STØRRE: Store trålarar har i stor grad tatt over for små sjarkar og fiskeskøyter. Dei fiskar meir, med mindre mannskap.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Auka interesse blant unge

– I Måløy jobbar vi mykje opp mot Måløy vidaregåande og den maritime linja der. I Sogn og Fjordane har vi no opplevd at det er god tilgang på rekruttering.

Silden legg til at interessa for fiskeri har stege dei siste åra.

– Den er ikkje så stor som vi gjerne skulle ønskje at den var, men eg ser ikkje så veldig mørkt på det. Vi merkar pågang frå ungdom som er mykje meir interessert i fiskeri no, enn kva det var for berre nokre år sidan.

Årets makrellfiske kan bli det beste på mange år.
Fjord-makrellen trekkjer stadig lenger nord - og i fiskeværet Kalvåg ligg båtar frå heile sør-Norge og Danmark i kø for å levere.

SJÅ TV-REPORTASJE: God start på makrellfisket