Hopp til innhold

Det blir fleirtal for samanslåing av fylka

HERMANSVERK (NRK): Fylkesutvalet vil avvikle Sogn og Fjordane frå 2020. Men med ein klar føresetnad om at Stortinget tilfører den nye regionen Hordaland og Sogn og Fjordane nye oppgåver.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane

RØYSTAR: Fylkesutvalet under første del av røystinga. Til slutt gjekk utvalet samrøystes inn for å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane, men ikkje utan krav. Fylkestinget avgjer torsdag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Det er noko av essensen i vedtaket som fylkesutvalet gjorde kvelden før fylkestinget skal ta den endeleg avgjerda om Sogn og Fjordane skal slå seg saman med Hordaland frå 2020.

Vedtaket fylkesutvalet samla seg om var eit framlegg frå Ap, som stramma opp forslaget frå fylkesrådmannen.

Her står det at dersom det verkeleg blir ei reform med om lag 10 regionar, og Stortinget styrkjer og overfører makt og oppgåver/funksjonar til det regionale folkevalde nivået, så vil fylkestinget søke dei to nabofylka slegne saman.

Tydelege

– Vi fekk inn ei tydeleggjering av at fylket har gjort jobben sin. No er det opp til regjering og Stortinget å vise at det er alvor bak talet på regionar ein vil ned på, og ikkje minst oppgåvene som skal tilførast desse regionane, seier gruppeleiar Åshild Kjelsnes i Ap.

Elles vil fylket halde fram som eiga eining frå 2020. Fylkesutvalet si innstilling er altså ingen blankofullmakt til Stortinget for å endre på grensene til fylket.

– Dersom det ikkje blir ei reell reform eller reell tilføring av oppgåver, så dett botnen ut av vedtaket. Der har Hordaland og Sogn og Fjordane vore krystallklare, seier Kjelsnes.

Fordel Hordaland

Senterpartiet flagga igjen motstanden mot reforma, og gruppeleiar Sigurd Reksnes meinte den berre er eigna å gje Hordaland 100.000 nye innbyggarar.

Sigurd Reksnes

KRITISK: Sigurd Reksnes (Sp)

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Utgangspunktet for heile regionreforma har heile tida vore å få tilført fleire oppgåver. Men ingenting er kome på bordet enno. Eg trur motivet til Høgre og Frp i denne saka er å slå saman og sentralisere og på den måten spare pengar. Då trur vi at innbyggarane i Sogn og Fjordane kjem dårleg ut, seier Reksnes til NRK.

Tru på avtalen

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) oppfatta det samrøystes vedtaket i fylkesutvalet som ei tilslutning til intensjonsavtalen, og at det er ein god plan å jobbe ut ifrå.

– I planen er det avtalt ei oppgåvefordeling, verdiane i SFE og Fjord1 skal kome folk i Sogn og Fjordane til gode, nynorsk skal vere det administrative språket og så vidare.

– Men det er eit MEN. For viss det er slik at det berre blir to-tre fylke som blir slegne saman, har vi sagt at vi vil halde fram som eige fylke. Og vi har eit krav om større oppgåver, seier Følling.

Jenny Følling

TRU: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

.