Hopp til innhold

Skal køyre folk til fjells med trakkemaskin

Det har vore omdiskutert om det skal vere lov å bruke trakkemaskin for å køyre turistar høgt til fjells, no skal Harpefossen skisenter vere med på ei nasjonal prøveordning.

Ljøsureggja
Foto: Svein Jan Hjelmeset/Terje Gilleshammer / NRK

Denne veka ga kommunestyret i Eid Harpefossen skisenter løyve til å bli med på den nasjonale prøveordninga der dei skal køyre folk til fjells med trakkemaskin

Catskiinga har vore omstridt, mellom anna meinte turlaget at folk må klare å kome seg til fjells utan skyss.

Ordførar Alfred Bjørlo seier dei ser catskiing som eit spanande produkt som er relativt skånsomt mot miljøet.

– Vi ser på catskiing som eit fantastisk spennande nytt reiselivsprodukt som gir store opplevingar og utnytting av skianlegget vi har på Harpefossen. Samstundes som det ikkje gir vesentlege inngrep i natur og miljø, slik ein ville hatt ved utbygging av nye heisanlegg, seier Bjørlo.