Hopp til innhold

Desse vil vite alt om helsa til alle i fylket

Er det fleire som røyker, blir vi feitare og er vi i for lite fysisk aktivitet? Det kan ei blodprøve og eit spørjeskjema gi svar på.

Helseundersøking Sogn og Fjordane

INITIATIV: Anette Susanne Bøe Wolff og Hans Johan Breidablik håpar på oppstart av helseundersøkinga i slutten av 2017.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi har god oversikt over helsetilstanden til born og unge, men vi veit mykje mindre om den vaksne delen av befolkninga. Der treng vi meir kunnskap, seier Hans Johan Breidablik, dagdirektør ved Helse Førde.

Breidablik vil saman med blant anna forskar og dagleg leiar hos Haugland internasjonale forsking- og utviklingssenter, Anette Susanne Bøe Wolff, sjekke helsa til alle innbyggjarane i Sogn og Fjordane med ei stor helseundersøking.

Spørjeskjema og blodprøve

Målet er å få kartlagt korleis det står til med helsa til alle i fylket, over 12 år.

– Vi gaper kanskje litt høgt med dette prosjektet, men vi tenker at det er viktig, seier Breidablik.

Sjølv om prosjektet er i ein startfase og det trengst mykje pengar før ein eventuelt kan rulla det ut, veit dei korleis dei vil gjennomføre testane.

– Vi heldt på med eit spørjeskjema som folk kan svare på og i i tillegg vil vi ta blodprøvar for å få best mogeleg svar på kvar enkelts helsetilstand, seier Wolff.

Han fortel vidare at om lag 40 prosent av innbyggjarane i fylket er innom sjukehuset årleg, og at det kan vera ein arena der dei kan få gjort blodprøvane og få svar på spørjeskjemaet. I fylket er det om lag 100 000 personar i aldersgruppa dei vil sjekke.

Ved hjelp av undersøkinga vil ein kunne få svar på om folk er i nok aktivitet, slit med overvekt, røyker/drikk for mykje og generelt korleis livskvaliteten til den enkelte er.

Prosjektet har fått namnet FRISK Sogn og Fjordane.

Verktøy for spesialhelsetenesta

I tillegg til å få kartlagt korleis den generelle helsesituasjonen er i fylket, vil dei få informasjon som kan bli nyttig i behandling av pasientar.

– For primær og spesialisthelsetenesta vil dette vidare vere positivt fordi dei kan føresjå kva tenesta dei må yte framover. Dei kan då kome med førebyggjande tiltak som kan vera nyttig i pasientbehandlinga. Og så vil folk få betre innsikt i eiga helse, seier Wolff.

Prosjektet vil koste fleire millionar å gjennomføra og til no har dei fått støtte til å forme spørjeskjemaet og teste det ut på sjukepleiarstudentar.

– Dette må bli eit spleiselag og vi kjem til å søke fleire om støtte til å få det gjennomført, seier Wolff som håpar på oppstart mot slutten av året.

For å sjå utvikling over tid er målet å få til ein sjekk med jamne mellomrom.