Hopp til innhold

Tårene kom først, så kom smila hos drilljentene

Berre eitt poeng skilde Florø Drill frå ei pallplassering i EM. – Men det at vi er fjerde best i Europa, det er eigentleg heilt vanvitig. Vi kjem frå vesle Florø!

Florø Drill på EM i England

STOLTE: – Vi har jobba for dette i vel eitt år, så det er klart eg blir skuffa og reagerer med tårer, seier trenaren etter fjerdeplassen. Her stiller jentene opp til fotografering etter oppvisninga.

Foto: Monica Bøhmer

Slik jublar trenar Anja Merethe Knudsen i Florø Drill når ho fortel om resultata frå drill-EM i Crawley i England.

Det var Firdaposten som først skreiv at jentene frå Florø Drill fekk den litt sure fjerdeplassen. Knudsen legg ikkje skjul på at ho og jentene først var veldig skuffa, men at dei etter kvart tok til seg at prestasjonen er svært sterk.

Vi er vanvitig stolte og nøgde. Dette er vårt andre EM, vi har ikkje konkurrert i så mange år, og er framleis ganske ferske. Så at vi allereie ligg i europatoppen… Det er veldig stort, seier ho til NRK.no.

Florø Drill etter oppvisninga i EM 2016

MYKJE KJENSLER: Det vart mykje tårer for jentene i Florø Drill i helga. Dei grein av både glede, utmatting, frustrasjon og fordi dei var glade for at dei var ferdige. Bilete er teke ganske rett etter oppvisninga for dommarane.

Foto: Monica Bøhmer

Intens konkurranse

Troppen frå Florø tel 22 jenter i alderen 11 til 17 år. I EM konkurrerte dei i klassen Traditional Majorettes Corps, i alderskategorien Juvenile, på godt norsk – paradedrill for ungdom.

Jentene kvalifiserte seg då dei vann NM i juni, og sidan har det blitt jobba jamt og trutt med å få alt perfekt fram mot EM. Trenar Anja Merete Knudsen fortel om ein intens konkurranse.

– Det er veldig høgt tempo. Vi får ikkje vite når vi skal på golvet, eller kven vi møter før vi kjem fram. Det er ikkje tid til å puste i bakken, ein masse nervar som slår inn og mykje kjensler, seier ho.

Etter at dei var ferdige med si oppvisning, såg trenaren føre seg fleire moglege scenario. Håpet var ein pallplass, men ho frykta det kunne bli ein fjerdeplass.

– Dei gjorde det så godt på golvet! Jentene hadde ei god kjensle, og det var lite å sette fingeren på i programmet vårt.

Norske flagg under EM i drill

NORSKE FLAGG: Det var mange foreldre og søsken med på turen til England. Tribunen var full av norske flagg og heiarop.

Foto: Monica Bøhmer

Brast i tårer

Men ingen av laga fekk vite poengsummen sin etter oppvisningane, først på premieutdelinga seint søndag kveld vart det klart kven som kunne juble over medaljane. Då Bulgaria vart annonsert som bronsevinnaren, brast håpet om ein pallplass.

– Då kom tårene på alle, meg inkludert. Vi var så slitne, og veldig skuffa over at vi ikkje kom på pallen, seier ho.

Brukar det som motivasjon

Raskt etter premieutdelinga samla ho jentene. Det var klemming og tårer, men så kom også smila.

– Vi rista av oss kjensla av skuffelse og jobbar målretta vidare. Vi veit at vi har potensial til å kome lenger opp. Vi var skuffa der og då, men samtidig er dette ein veldig motivasjon til å klatre oppover, seier ho.

– Du som trenar, kor stolt er du over jentene?

– Åh! Eg er vanvitig stolt.

Det var Tsjekkia som vann EM-gullet i gruppa, medan Kroatia tok sølvet.

Florø Drill på EM i England

BEINTØFT: Florø-trenar Anja Merethe Knudsen (i midten framme) seier konkurransen i EM er beintøff. Ho er difor svært kry over det jentene har fått til.

Foto: Monica Bøhmer