– Det var veldig flott å vinne, etter hardt arbeid heile vegen. Vi synest det er fortent, seier ein smilande Ruben K. Ehmaparam.
Dei aspirerande kokkane frå Førde ungdomsskule presenterte ein hovudrett og ein dessert. Mellom anna laga dei tzatziki med ein lokal vri, der kvitløk blei bytta ut med ramsløk.
– Vi må jo vurdere kokkeyrket vidare, når vi er så fantastisk gode, legg Ehmaparam til.
Kor mange av dykk fire kjem til å ende opp som kokkar?
– Det veit eg ikkje, men eg tippar på to, seier Helene R. Eimhjellen.
Imponerande dessert
Ole Jonny Eikefjord har sjølv gått på kokkeskule i Førde og no driv han seks restaurantar i Oslo. I dag var han heime for å vere dommar i kokkekampen.
Det var fleire enn vinnarlaget som imponerte. Mellom anna elevane frå Vassenden, som laga ein utsøkt dessert.
– Desserten som dei laga i dag kunne eg servert på ein av mine restaurantar, sa ein fornøgd Eikefjord frå scena.
Må rekruttere fleire til matfag
Mo og Øyrane VGS tar grep for å få fleire søkarar til Restaurant- og matfag. Ei linje som har vore prega av nedgang. I år var tala så låge at dei måtte kutte ei av klassene som var planlagd.
– Vi har vore oppe i seks klassar, men no er vi nede på ei klasse på VG1 og ei på VG2 til hausten, seier Bodil Erdalsdal.
Ho er faglærar på skulen og innrømmer at arrangementet i dag er ein direkte konsekvens av dei låge tala.
– Vi må vise oss fram for å få ungdommane på banen, for det er eit kjempeflott yrke. Spenning frå morgon til kveld,
Ole Jonny Eikefjord starta sjølv si karriere i Førde. Han forstår ikkje kvifor talet på søkarar har gått ned.
– Eg trudde det var kulare enn nokon gong å vere kokk. No er det jo matprogram på TV og kule kokkar i hytt og pine, seier Eikefjord.
Eikefjord har ingen problem med å anbefale yrket sitt.
– Unge folk må få seg eit arbeid der dei har det litt gøy. Det er derfor eg er kokk.