NRK Meny

Desse har aldri før blitt sett i Noreg – og her legg dei egg

Med godt trente auge har dykkarar gjort det eine sensasjonelle funnet etter det andre utanfor Gulen.

Nakenseglane Doto maculata og Doto dunnei har aldri før vore registrert i Norge.

NYE: Nakensiglane Doto maculata og Doto dunnei har aldri før vore registrert i Noreg. Her er begge foreviga medan dei legg egg. – Men det er som med turgåarar. Folk svimar rundt i skogen etter bær, sopp og fuglar. For dykkarar er det undervassfoto, vrakdykking og biologi, seier Christian Skauge.

Foto: Fotomontasje: Christian Skauge / Scubapixel.com
Oddleif Løseth
Journalist

Artikkelen er mer enn to år gammel.

– Det er litt sært. Vi kan kanskje kalle det ei nerdehelg, gliser Christian Skauge om nakensniglesafarien ved Gulen Dykkesenter.

Åtte nye artar i Noreg

Dei siste sju åra har dykkarar, forskarar og ekspertar funne 70 ulike artar nakensniglar her.

Dykkarar på nakensnegelsafari

FAST: Nakensnigelsafarien i Gulen starta som ein safari for ein vennegjeng i 2008. Frå 2008 har det vore eit meir «ordentleg» konsept. – Vi slepp å sitje i timevis i båten for å komme fram. I Gulen dykkar vi i timevis rett utanfor bryggekanten, seier Christian Skauge.

Foto: Christian Skauge / Scubapixel.com

Åtte av desse er nye registreringar i Noreg. Doto maculata og Doto dunnei vart avdekka under den siste safarien.

– Dei er tidlegare mellom anna kjende frå britiske farvatn, og den nord-irske nakensnigeleksperten Bernard Picton var ikkje tvil då dei bitte små dyra kom til syne i stereoskopet, seier Skauge.

Gå til forsiden

Sjekk kva dei fann under havoverflata

Dykkarar på nakensnegelsafari i Gulen.

Sjekk kva dei fann under havoverflata

7 bilder

    To verdssensasjonar

    Dette er ein verdssensasjon funnen i Gulen.

    SENSASJON: Ein trudde lenge at dette var ein Flabellina lineata, men nærare undersøkingar viste at det er ein førebels heilt ukjend nakensnigel på verdsbasis.

    Foto: Christian Skauge / Scubapixel.com

    Truleg gjer straumforholda Gulen til eit eldorado nakensniglar. Då er det også ekstra stas å finne heilt nye registreringar. Slik som to artar forskarar no jobbar med, som er heilt nye for vitskapen.

    Til dømes viser DNA-bevis at arten dei lenge trudde var ein rar variant av Flabellina lineata, faktisk er ei helt ukjend art.

    – Vi såg detaljar i mikroskopet og fann grunn til å undersøke dei nærare. Sist gang dette skjedde på grunt vatn i Noreg var i 1939, fortel Skauge.

    Nordlys i Gulen

    FARGAR: Dykkarane fekk oppleve fargespel både under og over vassoverflata.

    Foto: Christian Skauge / Scubapixel.com

    Frå heile verda

    Austlendingen er den som saman med Gulen Dykkesenter arrangerer safarien. I år samla arrangementet 18 deltakar frå Noreg, Danmark, Nord-Irland, Frankrike, Tyskland, Nederland og Russland.

    I alt fann dei 43 ulike artar under årets safari. Og dei skal heller ikkje djupt ned. Mellom fem og 25 meter finn ein mange artar.

    – Dei fleste er to-tre centimeter store, men sjølv for erfarne dykkarar så er dei ikkje så lette å sjå. Du må leite etter det dei eter, det er ofte større og lettare å finne. Dukkar det opp, så er det store sjansar for også å finne snigelen, seier Skauge.

    Ekspertise

    Workshop under nakensegelsafari i Gulen.

    STUDERER: Etter å ha teke med seg nakensniglane til overflata studerer dykkarane artane.

    Foto: Christian Skauge / Scubapixel.com

    Dei to siste åra har Bernard Picton, som har forska på nakensniglar i nær 40 år, delteke på safarien.

    Picton er kurator ved National Museums of Northern Ireland i Belfast, og mellom dei som gir deltakarane ekstra fagleg utbyte.

    – Når vi samlast slik, så kjem det dei som har veldig peiling på sniglar og er dyktige på å leite. Då finn ein mange ulike skapningar og vi kan setje oss ned og kose oss med forstørrelsesglaset. Det er fargerike og vakre skapningar, seier Skauge.

    Navnestrid i Sunnfjord
    2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
    Dab-dekning i tunnelar