Hopp til innhold

Denne havørna er nesten blitt som eit husdyr

– Vil ørna ha jobb, så veit den ikkje kva den går til, humrar prosjektleiar Bjørn Løkeland. Dei siste par vekene har dei tilsette ved Maritime Montering i Gaular hatt ein fascinerande gjest. På utsida.

Havørn ved Maritime Montering

NÆRGÅANDE: Ved Maritime Montering i Bygstad er havørna nærast blitt som eit husdyr å rekne. Nær kvar dag er ho på plass utanfor kontorlokala. Anten på autovernet, eller på taket.

Foto: Bjørn Løkeland

For havørna dei for nokre månader sidan berre såg på avstand, kransande over fjorden, har mest blitt som eit husdyr å rekne.

Maritime Montering på Bjørvikstranda i Gaular

MARITIME: Verksemda på Bjørvikstranda i Gaular driv med bygging av skip og skrog, samt innreiing og installasjonsarbeid på skip.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Nærast kvar dag dei siste vekene, har den teke stand utanfor kontorlokala til Maritime Montering i Bjørvikstranda.

– Kvar ho held til veit vi ikkje, men den er flott å sjå på. Veldig flott, seier prosjektleiar Bjørn Løkeland.

Blir vande med folk

Ørneekspert Alv Ottar Folkestad fortel at ørna er ein årsunge. Han legg til at det ikkje er ukjent at ei ørn kjem så tett på både bygg og menneske.

– Men det er heller ikkje vanleg, seier han og forklarar at ørneungane ofte finn seg stader i låglandet som dei nyttar som sitteplass medan dei øver på å få kontroll på dei store vengene sine.

Havørn ved Maritime Montering

TEK SATS: Ørna trivast like godt på autovernet utanfor verksemda, som på taket utanfor kontorlokala til Maritime Montering.

Foto: Bjørn Løkeland

– Då blir dei vande med bilar som køyrer forbi, folk som er aktivitet. Og når ørna då får vere i fred, så kodar den menneska inn i sitt verdsbilete, seier han.

Kom fem meter frå

Det stemmer godt med erfaringane til dei nær 40 tilsette ved Maritime Montering har gjort seg. Enkelte har prøvd å finne ut kor nærme dei kjem ørna, før den lettar.

Havørn ved Maritime Montering

GJEST: Havørna trivast godt i området rundt Maritime Montering i Gaular.

Foto: Bjørn Løkeland

– Den toler at vi er ganske nær. Ein var kring fem meter frå ho før den letta, seier Løkeland.

– Den var her i stad, og då letta den då det kom ein som fylte diesel. Det bråka vel kanskje litt, legg han til.

Rekordår for ørn

Havørna er Nord-Europas største rovfugl, og den fjerde største ørna i verda. Den blir mellom 87 og 100 cm lang, og ei vaksen hoørn kan ha eit vengespenn på 240 cm. Den kan bli opp til 50 år gamal, men det er sjeldan.

Både havørna og kongeørna er freda.

Alv Ottar Folkestad på Runde

NØGD: Alv Ottar Folkestad har 40 års erfaring med ørner.

Foto: Øystein Windstad

Folkestad, som har kontrollert ørnereir sidan 1974, tykkjer det er interessant å få årets første registrering om ein ny borgar i ørnebestanden i Bygstad.

– 2014 har havørna hatt rekordår på Vestlandet. Frekvensen av vellukka par ligg så høgt som 70–80 prosent. Snittet er 50 prosent. I tillegg får 2/3 delar av para to ungar. Normalt er snittet på under 1,5, seier han.

– Nyt det, for all del

– Men er det lurt å ha ei ørn så tett inn på, og å prøve å nærme seg den endå meir?

– Det er ikkje risiko forbunde med det i det heile. Ho oppfattar menneske som ufarleg, men dersom ørna kjenner seg trua og må forsvare seg, då kan den bite og flakse med vengene.

– Har du nokre gode tips til dei tilsette ved Maritime Montering?

– Nyt det, for all del. Og følg med på kva ho finn på. Det er ei fantastisk oppleving. For det er nok ikkje så veldig lenge før den berre kan sjåast på avstand att.