Hopp til innhold

Delte Erna-kritisk sak på Facebook

Gaular Høgre delte ein svært kritisk sak om Høgre-leiar og statsminister Erna Solberg på Facebook-sidene sine. Ein reaksjon, seier høgrepolitikaren.

Gaular Høgre deler høgre-klitisk lenke

DELTE: Den kritiske saka frå sidene til Human Rights Service blei delt på Gaular Høgre sin Facebook-side.

Foto: Skjermdump

– Eg vil at Erna sitt bodskap skal komme fram. At Høgre er eit parti som set inkludering høgt på dagsorden og er opptekne av å sjå menneske uavhengig av trussamfunn, seier Anne Lilleaasen, leiar i Gaular Høgre.

Ho femtekandidat til Sogn og Fjordane Høgre si stortingsliste i 2017 og styrer også Facebook-sida til Gaular Høgre.

Statsminister Erna Solberg besøkte Vallhall i Oslo under id-feiringa førre helg, og i etterkant la Human Rights Service ut ein kritisk artikkel på nettstaden sin, som Anne Lilleaasen delte på Gaular Høgre si Facebook-side.

Artikkelen er kritisk til statsministeren sitt besøk under feiringa, og kallar det flørting med totalitære makter. Forfattaren av artikkelen held fram med å seie at dialogen statsministeren hadde med ungdomsrepresentantar for moskélivet i Oslo, var hyklersk og kvalmande.

Statsminister Erna Solberg i Valhall.

PÅ TALARSTOLEN: Her er statsministeren på talarstolen under id-feiringa i Vallhall.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Ville få fram statsministeren sitt bodskap

Lilleaasen seier bakgrunnen for at Erna Solberg var med på id-feiringa i Vallhall, var for å snakke om at Høgre er eit parti som set inkludering på dagsorden, uansett trusretning.

– Eg blir litt lei meg når journalisten oppfatta Erna sitt besøk som negativt, og som å flørte med totalitære krefter. Statsministeren må kunne besøke andre trussamfunn utan at det ligg noko bak, seier Lilleaasen.

– Er du ikkje redd for at folk skal tru at Gaular Høgre er einig i det som står i artikkelen ved å dele den?

– Det håpar eg ikkje, det var meir ein reaksjon på at statsministeren er oppteken av å sjå alle menneske uavhengig av religion. Eg ser etterpå at det kan bli misforstått, seier Lilleaasen.

Ho seier at ho blei oppskjørta av det journalisten skriv i artikkelen, og delte den fordi ho ville Erna sitt bodskap skulle komme fram, at det ho sa i tala si skulle komme ut.

– Hadde du lest saka før du delte den?

– Eg hadde lest gjennom den, men hadde nok ikkje sett det som stod nedst i saka, seier ho.

Nedst i saka står det at ein kan vise si støtte til Human Rights Service ved å dele. (Red. anm)