Hopp til innhold

Dei kjempar om klubba i Hornindal

Det kan sjå ut som ein lang periode med Høgre-ordførar i Hornindal er over. Senterpartiet er no det største partiet i kommunen.

Edvin Haugen og Anne-Britt Øen Nygård

KJEMPAR OM KLUBBA: Edvin Haugen (H) og Anne-Britt Øen Nygård (Sp) kjempar om å få vere ordførar dei neste fire åra i Hornindal.

Foto: Privat

Senterpartiet går fram med 11 prosentpoeng i Hornindal, medan Høgre går tilbake 0,3 prosentpoeng viser førebelse oppteljingar. Høgre har hatt ordføraren i fleire valperiodar, men no er Senterpartiet klare til å ta over.

– Det er veldig gledeleg at vi går fram så mykje. Det er for tidleg å seie om eg vert ordførar, men eg har sagt eg er villig og det står eg for, seier ordførarkandidat for Senterpartiet, Anne-Britt Øen Nygård.

Etter at Bjørn Lødemel (H) vart vald inn på Stortinget tok partikollegaen Edvin Haugen over klubba. Haugen har vore ein av dei yngste ordførarane i landet, men det er no uklart om han får halde fram.

– Dei to åra eg har site som ordførar har gitt meirsmak. Eg håpar eg kan halde fram, men det får tida vise, seier Haugen til NRK.no.

Senterpartiet sin ordførarkandidat Øen Nygård seier dei vil kjempe for å ta over klubba.

– Det er på tide med eit skifte i kommunen no.

Haugen på si side er like tydeleg på at kampen om ordførarvervet ikkje er tapt sjølv om partiet ikkje lenger er størst.

– Så vidt eg veit har det ikkje vore nokon samtalar om kven som skal ha denne rolla vidare, så det er framleis ope. Vi ventar på finteljinga og eventuelle personstemmer, så får vi sjå, seier Haugen.