Hopp til innhold

Dei første prisane er delte ut

Fredag kveld var det stor filmgalla på Sandane.

Q-filmkomiteen

KLART FOR FEST: Q-filmkomiteen er klar til filmfest i kveld.

Foto: Simon F. Solheim / NRK

Q-Film sin gallaførestilling

Deler ut filmprisar

Det er medieelevar ved Firda vidaregåande skule som denne veka arrangerer Q-filmfestivalen. I løpet av festivalveka har elevane vist ei rekkje filmar. Fredag kveld var det galla og det vart delt ut filmprisar i fem kategoriar.

Publikumspris

I løpet av dei vekene har nettlesarane våre røysta på den kortfilmen dei meiner fortener «Publikumsprisen». Dette er kortfilmar laga av lokale filmskaparar og det kom inn langt over 1300 røyster på nettsida vår. Den heldige vinnaren frå eit videokamera i premie frå NRK under gallaen i kveld.

Produsenten bak skrekkthrilleren "Snarveien", Bjørn Eivind Aarskog, er i dag for å gje gode råd til unge filmspirer. Han har sett dei innsendte kortfilmane og vart mektig imponert over det han såg.

Video nsps_upload_2009_11_16_17_29_25_546.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: Sjå video frå førebuingane til fylket sitt eige Hollywood.