Ny jobb og tørrare klima fristar

Ekteparet Turid Øyre Øygard og Olav Øygard har i fleire tiår vore rotfaste i Sunnfjord, men snart går flyttelasset austover.

Turid og Olav Øygard

FLYTTER FRÅ REGNET: Turid Øyre Øygard og Olav Øygard vedgår at vêret spelte inn då dei tok avgjerda.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Olav, opphaveleg frå Jølster, har fått jobb som studierektor ved Danvik folkehøgskole i Drammen. Han var fotograf i Firda i 16 år, dei siste åra har han vore lærar på Sunnfjord folkehøgskule og i mediefag ved Mo og Jølster vidaregåande skule.

Turid har vore bokhandlar, no er ho gjenbrukskonsulent for Det Norske Misjonsselskap sine bruktbutikkar frå Sotra til Bodø, men ho har sagt ja til å bli med Olav til Drammen. Ho kan ta jobben sin med seg. Dei har budd nesten 30 år i Førde.

– Det er litt spennande, men det er litt trist og. Då eg gjekk hit i dag var det eit par som sat i ein bil og vinka til oss. Det trur eg det vil ta ei tid før eg opplever i Drammen, seier Turid.

Likar å flytte

Ektemannen har flytta mykje i livet sitt og ser positivt på det.

– I barndommen skifte eg grunnskule seks gonger, og medan systera mi ikkje tykte det var greitt, så syntest broren min og eg at dette var eventyr. Det var utruleg mykje spenning knytt opp til det å starte på ny på heilt nye stader. Det ligg lada i naturen min, det er ikkje framandt for meg.

Han slutta som fotograf i Firda for nokre år sidan, ikkje fordi han ikkje treivst.

– Det var ein fantastisk jobb, eg gav meg då eg syntest det fungerte på det beste. Eg vart lærar, og oppdaga at det var fantastisk kjekt å ha elevar. Det gjer eg framleis, men no tenkte eg at siste fjerdedelen kunne det vere kjekt å gjere noko heilt annleis.

Vêret spelar inn

Olav Øygard hadde mykje av barndommen sin på Austlandet, og han vedgår at klimaet på Vestlandet er ein av grunnane til at han valde å flytte austover.

– Det er ikkje kjempebra vêr her på Vestlandet. Vi vurderte det i 1989. Då var det så inni hampen dårleg vêr. Då sa vi at får vi eitt slikt år til så dreg vi. Men så vart det bra i byrjinga på 90-talet.

Turid er oppvaksen i Sogndal og er vand med vestlandsvêr, men med måte.

– Så vått som det er i Førde er det ikkje i Sogndal. Men eg har likt meg godt i Førde, eg har hatt fleire spennande jobbar og hatt det utruleg fint. Eg er veldig glad i Førde.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.