Dei 20 som bur i grenda vart veglause då store steinblokker rasa ned litt etter klokka sju måndag morgon. Tysdag føremiddag starta arbeidet med å rydde opp, og klokka 14 tysdag fekk mannskapet laga ein provisorisk gjennomgang.
- Det står att ein god del arbeid, og bilistane må bu seg på mellombelse stengingar framover, seier oppsynsmann Johnny Skjerping i Lærdal kommune.
Hovudmålet var å få ordna vegen raskt slik at brøytebil, brannbil og ambulanse kunne kome seg gjennom viss det var nødvendig.
- Vi har allereie fått brøyta øvst i Erdal, seier Skjerping.
Sjå bilete av raset mellom Lærdal og Erdal