Daude hjort langs gjerde

Tre hjortar er funne daude ved hjortegjerdet på strekninga mellom Sande og Vadheim på E39, skriv Firda. Dei skal ha sett seg fast i gjerdet som skal hindre påkøyrslar. Ifølgje miljøkontakt i Statens vegvesen, Ann Kristin Nes trengst det nytt gjerde for rundt 100.000 kroner, pengar som ikkje finst per no.