Hopp til innhold

Dagen derpå kosta han 90.000 kroner

Mannen i 50-åra vart ferska med promille bak rattet. Det kosta han både førarkort og 92.000 kroner.

Fjordane tingrett

ILLUSTRASJON: Mannen i 50-åra må betale 90.000 kroner i bot for eit tilfelle av promillekøyring.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det var i august i år at sunnfjordingen vart stogga med dagen derpå promille. Blodprøve teken to og ein halv time etter køyringa, viste ein promille på 0,5.

Med ei forbrenning på 0,1 promille i timen, la Fjordane tingrett til grunn ein promille på 0,75 under køyreturen. Det oppstod ingen farlege situasjonar under køyreturen.

– Slik køyring er svært farleg, og skjer det ei ulukke så råkar den ofte vilkårleg og like gjerne uskuldige trafikantar eller fotgjengarar som den som køyrer i påverka tilstand, skriv tingrettsdommar Gunnhild Grove.

Etter rettspraksis skal 0,5 til 1,2 promille dømmast til mellom 14 og 21 dagar fengsel, samt halvannan månadsløn i bot. Retten fann det formildande at mannen tilstod utan atterhald.

Fengselsstraffa på 15 dagar slepp mannen å sone dersom han held seg på rette side av lova dei neste to åra. Bota på 90.000 kroner må han derimot betale.

I tillegg må han betale 2.000 kroner i sakskostnader til det offentlege.