FSK: Ingen tvil om kvar lojaliteten til denne karen låg.
SAL: Før kampen var det høve til å kjøpe supporterutstyr til Brann.
RAUDT: Mykje raudt å skimte på tribuna i Florø.
SPENTE: Heimepublikumet ventar spent, og hadde håpet om at ei ny cupbombe skulle detonere på Florø stadion.
BRANN: Dei kjem frå Sunnfjord, men heia på Brann.
BRANN: Desse var klar for å støtte Brann.
BLÅTT: Det var mange Brann-supportarar, men langt fleire som støtta opp om Florø.
FEST: Nydeleg vårstemning og ein så godt som fullsett Florø stadion gav cupkampen ei strålande ramme.
SPENTE: Spente FSK-spelarar og støtteapparat før avspark.
BRANN: Dei håpar Brann går heile vegen til Ullevaal og hentar 'hem' gullet.
BALLHENTARAR: Desse gutane fekk ærefullt oppdrag på indre bane.
REKORD: FSK sat att med 73 billettar etter kampen. Med 1.520 billettkjøparar, 200 funksjonærar og kring 200 tilskodarar på gratishaugen meiner FSK at nær 3.000 såg cupkampen i kystbyen.
LIV: Det nydelege vårveret la ei flott ramme kring cupoppgjeret på Florø stadion.
TODELT: Flora-ordførar har sjølv fortid som FSK-spelar, men har også eit hjarte som bankar sterkt for Brann.
NØYTRALE: Desse jenten valde ei nøytral tilnærming på kampen.
HEILRAUDT: Denne gjengen har eit hjarte som dunkar for Brann.
JUBEL: Raudtrøyene fekk mest å juble for på Flora stadion - i tillegg til kasseraren til FSK.
SPENTE: Heimepublikumet hadde lenge håp om FSK-avansement i cupen.
DOBBEL PRIS: Ansiktssminke for ein grei pris for alle - med unntak av Brann-supporterane.
GLADET: Til tross for at resultatet gjekk feil veg, var det god stemning på tribuna.
SUVERENT: Sjeldan er det så god stemning under ein fotballkamp på ein 3. divisjonsarena i Sogn og Fjordane.
RAUDE: Denne karen er utan tvil Brann-supporter.
RAUDT: Raudt i byen, raudt på tribuna og raude vestar blant funksjonærane i kiosken.
TØFFE TAK: Det unge FSK-spelarane la ingenting i mellom på duellane.
REDUSERING: Stefan Aase sender Brann-keeper Piotr Leciejewski ein veg - og ballen den andre vegen.
SPENTE: Desse karane er klar for å støtte Florø.
FSK: Det unge FSK-laget fekk god støtte frå desse karane.
FLAGG: Det raude Brann-flagget veivar i lufta. Cupoppgjeret går rette vegen for denne gjengen.
CUPEXITENS BAKSIDE: Styreleiar i Florø Fotball må halde reklameplakaten medan Peter Aase blir intervjua av Arve Uglum og NRK.
JUBEL: Etter 77 minuttar fekk heimesuporterane endeleg noko å juble for.
STØTTE: Resultatet bikka feil veg, men heimepublikumet støtta opp.
BLÅTT: Leven blant heimepublikumet.
CUPEXIT: Kampen er over og FSK-spelarane takkar publikum for støtta.
ETTERTRAKTA: Branns Erik Mjelde sikra Brann cupavansement mot Bjarg, og måtte skrive autografar etter oppgjeret i Florø.
POPULÆR: Branns Amin Askar noterte ikkje seg for scoring mot Florø, men var ein populær mann etter kampen.
FAVORITT: Også FSK-spelarane måtte skrive autografar etter cupexiten.
NØGD: Brann-trenar Rune Skarsfjord var ein nøgd trenar etter kampen. Her skriv han autograf.
HELTAR: Denne vesle jenta fekk autografar i hopetal frå spelarane på hennar favorittlag.
TVILLINGAR: Stefan og Peter Aase spelar frå hausten av for Sogndal.
KONSENTRERT: FSK-trenar Terje Rognsø før kamp.
STØTTE: Heimesupporteren bidreg med det han kan best - støtte til heimelaget.
BLÅTT: Hovudtribuna var hovudsakleg blå.
STØTTE: Heimepublikumet konstaterer at det går mot cupexit.
STØTTE: Heimepublikumet gjer det dei kan for at 3. divisjonslaget Florø skal sende også Brann på hovudet ut av cupen.
MALING: NRK-reporter Birger Meland får nøytral ansiktsmåling.
VEDDEMÅL: Steinar Svardal satsar sjokomjølk. Her saman med NRK-reporter Birger Meland.
IKKJE LETT: Denne plakaten møtte ein Brann-supporter då han kom på jobb.
BRANN: Ingen tvil om kvar lojaliteten til Florø-guten Dennis ligg før dagens cupkamp.
REKORD: Rekordmange tilskodarar tok turen til Florø stadion. Speaker opplyste om 2.520 tilskodarar, samt 202 på gratishaugen. I tillegg var det 200 funksjonærar, så FSK brukar nær 3.000 som rekordtal etter cupoppgjeret. Den førre var på 2.200 tilskodarar.
STEMNING: Heimepublikumet håpa på nok ei cupbombe, men måtte sjå FSK sleppe inn første målet etter sju minutt.
MEST RAUDT: Lidenskap til gjestene frå Bergen pregar bybiletet før Florø tek imot Brann i dagens heimeoppgjer i cupen.