Hopp til innhold

Containerskip på grunn

Eit stort containerskip gjekk på grunn i Skatestraumen i natt. – Det var dramatisk så lenge vi ikkje hadde oversikt, opplyser Hovudredningssentralen.

Skip på grunn i Skatestraumen

DRAMATIKK: Det var dramatisk då det kypriotiske containerskipet med 12 personar om bord gjekk på grunn i Skatestraumen i natt.

Foto: NRK-tipsar

– Vi fekk melding frå losen om bord i containerbåten at dei hadde gått på grunn i Skatestraumen i natt. Det skjedde like før klokka eitt i natt, fortel Ola Våge som er redningsleiar ved Hovudredningssentralen på Sola.

I mørket var det vanskeleg for mannskapet på 12 om bord på det kypriotiske skipet «Fortelesa» å vite kor alvorleg situasjonen var.

– Det var bra, dei tilkalla hjelp med ein gong. Det var ein uoversiktleg situasjon og dramatisk. Dei slo alarm og når ein får kontroll kan ein heller kalle tilbake, seier Våge.

Kalla ut stort redningsmannskap

Det vart kalla ut båtar via Florø Radio, Redningsskøyta frå Måløy, ein Sea King og ein slepebåt.

– Det viste seg etter kvart at det ikkje var så kritisk. Så redningsskøyta og slepebåten drog skipet inn til Måløy litt før klokka 0530-tida.

Båten fekk store materielle skader i natt.

– Det var lekkasje midtskips og nokre andre lekkasjar. Men eg veit ikkje kor mykje skader skipet fekk.

Hovudredningssentralen har ikkje oversikt over om kva nasjonalitet mannskapet om bord på skipet hadde.