Han reagerer sterkt på Clemet sitt utspel om at det ikkje er kommuneøkonomi men nedgang i folketal som er årsaka til nedlegging av utkantskular.
Fagerheim seier at han er spesielt provosert sidan Clemet ikkje har granska kva som er grunnen til skulenedleggingane, men likevel stiller opp uti øyane i Florø og seier ho har svaret på det.
Naturleg utvikling
Det var på eit valkamptur til Batalden skule at Kristin Clemet i går sa at at nedlegging av utkantskular oftast er ei naturleg utvikling, som ikkje skuldast dårleg kommuneøkonomi.
- Kommune-Norge gir eit heilt anna svar, seier Fagerheim. – Det er alltid dårleg økonomi som er årsaken.