For den andre hovudutbyggjaren, Høgskulen i Sogn og Fjordane, er ei utsetjing å leve med. Det seier rektor Johs. Taule.
Utbygginga av Fosshaugane til 200 millionar kroner skulle ha starta om mindre enn ein månad, men Sogndal Fotball har bestemt å utsetja prosjektet fordi klubben ikkje har makta å henta inn nok eigenkapital i tide.
I tillegg til Høgskulen i Sogn og Fjordane, ønskjer fotballklubben å få inn Sogn og Fjordane fylkeskommune og andre mindre leigetakarar. Det er avtale med desse Sogndal Fotball enno ikkje har fått i boks. Høgskulen skal leiga 3500 kvadratmeter i tribunebygget sør og vest for stadion.