Hopp til innhold

Campingvogn kilte seg med vogntog

Bilistane som 17-tida fredag køyrde mellom Lavik og Vadheim måtte smørje seg med ekstra tålmod.

Passering på E39

TRANGT OM PLASSEN: Denne passeringa tok ti minutt, fortalde NRK for eitt år sidan. I dag vart den slått med glans...

Foto: NRK

For ein bilist med campingvogn, og eit møtande vogntog, skapte propp på det smale partiet nokre kilometer sør for Vadheim.

- Vi har site her i 40 minutt, men no ser det ut til å løyse seg, fortel ein fortvila bilist på veg nordover i fylket.

Situasjonen oppstod like før klokka 17. Bilisten ana uråd då køa gjekk seinare og seinar, og til slutt stod bom fast. Verken politi eller Vegmeldingssentralen kunne kaste lys over kva som skjedde.

- Ein som sit framfor meg i køa var opp og såg. Det er ei campingvogn som har kilt seg med eit vogntog, seier bilisten og fortel om lange, lange køar.

Det er ikkje første gong at det blir propp på vegstrekka. Mange har teke til orde for at strekka må utbetrast.

- Det var veldig mykje bilar med ferja, så her er nok mange frustrerte bilistar i dag, seier bilisten.