Hopp til innhold

Cabincruiser gjekk ned etter grunnstøyting

Ein 54 år gamal mann er send til Førde sentralsjukehus med alvorlege skader etter at ein fritidsbåt med fire personar gjekk på eit skjær nordvest for Atløy i natt.

Måsnesholmen

– Dei fire kom seg på land på ein holme, men den eine hadde fått seg eit lite kakk i hovudet og ei flenge i panna, seier Eirik Walle, redningsleiar ved Hovudredningssentralen på Sola.

Laurdag føremiddag opplyser AMK Førde at tilstanden er alvorleg for den skadde mannen.

Det var Kystradio Sør som plukka opp mayday frå den 39 fot store båten etter at den var gått på grunn. Hovudredningssentralen på Sola sende ut redningshelikopter frå Florø og redningsskøyta «Halfdan Grieg» frå Måløy.

Redningshelikopteret plukka opp dei fire og tok dei med seg til Florø. Den skadde vart send med ambulanse til Førde sentralsjukehus. Dei uskadde la seg inn på hotell.

Politiet har ikkje mistanke om promillekøyring.

Båten byrja kort tid etter grunnstøytinga å ta inn vatn. «Halfdan Grieg» brukte kring ein time og tre kvarter på å nå fram til staden. Båten var allereie gått ned då dei kom fram.

– Båten var så pass skadd at den tok inn store mengder vatn og gjekk ned på kort tid, seier Walle.