NRK Meny
Normal

Er klare til å byte ut læreboka med nettbrett

Kan ein bruke nettbrett i staden for skulebøker? Det skal elevar ved Hafstad og Dale vidaregåande skular finne ut. I går fekk dei demonstrert korleis dette skal gå til.

Elevar på nettbrett

SPENTE: Elevane tykkjer det er spennande med nye verktøy.

Foto: Marte Halsør Lovell / NRK

To forsøksklassar ved Dale og Hafstad vidaregåande skal vere med i det nasjonale nettbrettprosjektet. Håpet er at prosjektet mellom anna vil gje elevane auka læring, i tillegg til at det blir sett på som svært spennande og verdifullt at dei to skulane kan samarbeide om eit slikt prosjekt.

– Det er litt kult at vi kan sitje med skulebøkene på nettbrettet, og teikne og merke ut og skrive notat midt i bøkene, seier Amalie Bruland.

Gler seg til å utforske

Ho er ein av dei forventningsfulle elevane som i går var samla i auditoriet ved Dale vidaregåande skule.

Der fekk ho og medelevane, samt lærarane demonstrert dei nye lærebøkene på nettbrett.

Bruland fortel at det har vore kjekt å utforske nettbrettet.

– I starten har det vore spennande å berre utforske nettbrettet i timane og vere inne på heilt andre ting enn det lærarane meiner vi bør. Men eg trur det blir betre etter kvart. At vi blir betre til å fokusere på det vi skal, og ikkje berre på det vi vil, seier Bruland.

Er nøgde med prosjektet

Terje Torsheim og Tor Egil Furevikstrand tok initiativ til prosjektet sist vinter.
Dei er svært nøgde med å ha fått så mange samarbeidspartnarar.

– Det er litt uverkeleg at ein kan få til noko så stort. Vi har snakka med Microsoft og Samsung som er internasjonale selskap. Når vi så har fått hekta på Cappelen, Gyldendahl, NLA og Aschehoug, så får ein ein innhaldspakke som gjer at brettet blir noko meir enn ein dings. Det blir eit læringsbrett, seier Furevikstrand.

Han er utruleg glad og stolt over at dei har fått det til.

– Det er fantastisk kjekt å sjå at vi har fått det til i praksis, seier Furevikstrand.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lærarane

LÆRARANE: F.v. Mari Kyrkjebø (Dale vgs), Tor Egil Furevikstrand (Dale vgs) og Terje Torsheim (Hafstad vgs).

Foto: Marte Halsør Lovell / NRK

Trur elevane kan bli endå betre

I lunsjpausen viser elevane stolte fram nettbretta sine.

– Her er framsida, der eg kan lage mitt eige bakgrunnsbilete. Her er startsida der det er alt mogleg, og så kan eg ha skrivebord slik som ein vanleg PC, seier Bruland.

Lokale bedrifter har investert i prosjektet, og dette trur Torsheim kjem til å komme fleire til gode.

– Vi håper at Sogn og Fjordane framleis skal vere best i landet på resultat. Og vi håper og trur at akkurat desse elevane i dette prosjektet kan heve seg betre enn dei beste, seier Torsheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nøgde

HAR TRUA: Desse to jentene trur det blir kjekt å byte ut læreboka med nettbrett.

Foto: Marte Halsør Lovell / NRK

Må hugse at det er faget som er viktig

Både elevar og lærarar er ivrige etter å komme i gang med nettbretta, men Furevikstrand meiner at det er viktig å hugse at læringa skal vere i fokus.

– Det er klart at dingsen i seg sjølv er spennande, men det er ein forbigåande effekt. Det er faget i seg sjølv som er viktig. Du må klare å integrere dingsen og faget på ein spennande måte, for det er faget som skapar varig interesse, meiner Furevikstrand.

På spørsmålet om elevane føretrekkjer papirutgåva eller den digitale læreboka, er svaret klart.

– Digitalt, meiner Bruland og vennene hennar.


Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.