Hopp til innhold

Byrja å brenne på skule - mistenkjer at elevar står bak

Politiet trur barneskuleelevar står bak branntilløpet ved Dingemoen skule i Fjaler onsdag kveld.

Dingemoen skule

BRANNTILLØP: Det var i den gamle skulebygningen til venstre det tok til å brenne onsdag kveld.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Brannen i ein vindaugskarm i den gamle skulebygningen vart raskt oppdaga, og skadene vart til alt hell minimale. Gamle Dingemoen skule er ikkje i bruk til undervisning lenger, men det var folk i kjellaren då branntillløpet starta.

Lensmann i Fjaler, Åge Løseth, seier dei no følgjer opp saka.

– Vi har ikkje fullt oversyn enno, men det er ting som tyder på at brannen er påtent, og at det er gjort av barn som har vore i området og leika rundt skulen.

Kva tenker du om det?

– Det er alvorleg at ein tenner på. I dette tilfellet skjedde det i ein gamal skulebygning der det var aktivitet i eit kjellarlokale der folk dreiv med miniatyrskyting.

Åge Løseth

– ALVORLEG: Lensmann Åge Løseth skal no snakke med foreldra til dei involverte ungane.

Foto: Silje Guddal / NRK

Skal snakke med alle elevane

I dag skal folk frå politiet undersøke staden der det vart sett fyr og snakke med foreldra til dei involverte ungane.

Kommunalsjef Marit Hammer i Fjaler seier rektor på skulen i dag går rundt for å snakke om hendinga i alle klassane.

– Dette er veldig trasig, og vi må fylgje opp dette og snakke med alle elevane på skulen i dag. Dette skjedde etter skuletid. Det var ei tilstelling for småskulesteget, og det var foreldre som oppdaga brannen.