NRK Meny
Normal

«Areidsplassane står og bankar på døra»

Sprengd kapasitet gjer at Fosshaugane Campus skal utvidast med eit innovasjonssenter til 50 millionar. Målet? 1000 arbeidsplassar.

Yngve Hallén på Fosshaugane Campus

SKAL LEIE UTBYGGINGA: Fotballpresident Yngve Hallén skal saman med Rolf Navarsete bygge ut for 50 millionar på Fosshaugane Campus.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det som har skjedd rundt Fosshaugane Campus dei siste åra er fantastisk. Mange gründerbedrifter har vakse seg store, og nye gründerar vil inn. Kapasiteten er sprengd. Skal vi greie å støtte opp om bedriftene, må vi legge til rette, seier Yngve Hallén til NRK.

Saman med Rolf Navarsete, skal fotballpresidenten leie arbeidet med det nye innovasjonssenteret, melder Sogn Avis og Firda i dag. Målet er opning i romjula 2016.

Rolf Navarsete

ER MED: Rolf Navarsete skal leie arbeidet saman med fotballpresidenten.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det har vore plassmangel ei stund, men vi har greidd å takle det undervegs. Men dersom vi ikkje greier å skaffe nye lokale, vil vi miste fart og då vil Sogndal miste moglegheita til å vekse endå meir, med endå fleire arbeidsplassar, seier Hallén.

Brukarane skal betale

Fotballpresidenten skryt over miljøet for nyskaping i Sogndal.

– Gründerane skal vere stolte over det dei har vore med på å skape. Dei er svært opptekne av å utvikle miljøet vidare. Å reise dette bygget blir ein dugnad for oss alle, og noko vi har svært lyst til, seier Hallén.

Prislappen på 50 millionar skal dekkast inn ved at brukarane betalar.

– Det er basert på leigeinntektene, slik som resten av bygningsmassen på Fosshaugane. Dei som skal vere der, skal vere med på å betale. Men vi har også tru på å få andre med, seier Hallén og nemner at både entreprenørar og innovasjonsstyresmakter har stilt seg positive til å bidra.

– Arbeidsplassane bankar på døra

Dei går breitt ut i leitinga etter finansiering av innovasjonssenteret.

– Vi trur bankvesenet har lyst å sjå på dette med blide auge, for dei ser at skaper nye verdiar og nye arbeidsplassar.

– Er det automatikk i at eit nytt bygg skaper arbeidsplassar?

– Ja, i alle fall når arbeidsplassane står og bankar på døra før bygget er kome opp. Vi har mange fagkrefter rundt høgskulen, vidaregåande skule og kunnskapsbedrifter. Mange ønsker å vere med. Det vil skape arbeidsplassar. Men utan den enkelte som har lyst å ta risikoen og sjansen på å skape arbeidsplassar, fungerer det ikkje, seier Hallén.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.