Hopp til innhold

Byggjer opp att Hopstock hotell

Vik får igjen eit hotell i bygda. Det er klart etter at eit nytt selskap skal byggje opp hotellet som brann ned i mai for to år sidan.

Frå baksida av Hopstock Hotell

BRANN: Hopstock Hotell i Vik byrja p brenne i slutten av mai 2010. 65 gjestar måtte evakuerast ut.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det var i mai 2010 at Hopstock hotell fekk omfattande brannskadar. Hotelldirektør Carl Andre Riiber slo frå seg planane om å byggje hotellet opp att. Dermed har bygda vore to år utan eit skikkeleg hotelltilbod.

No skal det nye selskapet Hopstock Holding AS overta den brannråka hotellbygningen, motellet, hotellannekset og ei tomt tilhøyrande desse. Føremålet er å byggje opp att Hopstock Hotell og eit reiselivsanlegg tilpassa dagens trong og marknad.

Thore Hopperstad er direktør i Melås AS som representerer den eine delen av holdingselskapet.

– Vi har vore i forhandlingar i nokre veker, og landa i dag ein avtale. Vi skal no kjøpe eigedommen, seier Hopperstad.

Vil ikkje ut med prisen

Allereie etter påske startar arbeidet med det nye hotellet.

– Vi har snakka med kommunen og skal samarbeide med ein arkitekt. No har vi ein moglegheit til å starte heilt frå «scratch».

Hopperstad vil ikkje seie noko om kor mykje dei har betalt for eigedommen. Melås AS held til på Leikanger og eig mellom anna Østerbø Fjellstove i Aurlandsdalen. Eigar Per Steinar Melås er også tungt inne i andre verksemder, mellom anna i Flåm.

– Eit folkehotell

Hopperstad veit enno ikkje kven som skal drive det nye hotellet. Han håper eit flunkande nytt bygg kan stå klart i løpet av eit par år.

– Ordføraren og rådmannen er veldig nøgde. Dette har vi tru på, for det er behov for noko nytt i Vik. Dette skal bli bygda sitt folkehotell. Vi skal tenkje nytt, mellom anna har vi tenkt eit kinosal. Men kva det blir, veit eg enno ikkje.