Hopp til innhold

Orkar ikkje vere utandørs på grunn av kloakklukt - no vil dei ha anlegget fjerna

I nær 15 år har kloakk frå dei fleste kommunane i Nordfjord blitt køyrt til eit anlegg i Hjelmelandsdalen i Eid. Plagene er no så ille, at naboane til anlegget vil ha det fjerna.

Luktar ille

ILLELUKTANDE: Den brune massen som sig ut frå kompostanlegget, luktar så ille at naboane ikkje orkar å vere utandørs.

Foto: Per Asle Hjelmeland

– Her daudar trea. Her stod ei 15 meter høg gran, og ho vart brun på null komma null, seier Asgeir Bakke.

Like over skogen står eit kompostanlegg for kloakk. I løpet av eit år kan 3500 tonn kloakk frå Nordfjord-kommunane bli gjort om til kompost her.

– Her flyt det kvitt, seier Bakke, og syner korleis det ser ut.

Fungerer ikkje som det skal

I løpet av dei 14 åra anlegget har vore i drift, har lukt og ureining plaga Bakke og andre naboar.

– Eg opplever det heilt forferdeleg. Å til dømes vere ute på tunet og grille, er heilt uråd. Vi har prøvd, men då må vi stupe inn i grillen for å kjenne lukta av god grillmat, seier Bakke.

Asgeir Bakke er ein av naboane til kompostanlegget på Eid.

FORTVILA: Asgeir Bakke er nabo til anlegget, og er fortvila over både kloakkslam og skitlukt som både ureinar miljøet og plagar dei som bur nær.

Foto: Eva Marie Felde

Dei har klaga på anlegget fleire gongar. Også Fylkesmannen har sett at ting ikkje fungerer som det skal, seier assisterande fylkesmiljøvernsjef, Gøsta Hagenlund.

– I dag fungerer det ikkje slik det skal, eller etter dei krava vi har sett. Bedrifta er nøydd til å gjere nokre tiltak. Det tilsynet vi hadde i fjor, gjorde det klart at dei ikkje kunne halde fram med det omfanget dei hadde. Dei fekk heller ikkje løyve til å auke mottak av slam, før tiltak var gjennomført, seier Hagenlund.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Asle Hjelmeland har gjennom 14 år som nabo til kompostanlegget samla mengder med papir på drifta

TJUKK BUNKE: Per Asle Hjelmeland har i 14 år vore nabo til kompostanlegget. I løpet av åra har det vorte ein solid bunke med papir som har omhandla lukt- og ureiningsproblema for naboane.

Foto: Eva Marie Felde

Ønskjer å byggje tak

Miljøservice driv anlegget, og beklagar plagene som har vore til no. Driftssjef, Kristian Sandbakk, stadfestar at dei kjenner til problema.

– Vi er innstilte på å ta tak i dette og byggje tak over anlegget, slik at vi får styr på anlegget. Då meiner vi at vi med god margin skal kunne handtere dei utsleppa som kjem frå anlegget, seier Sandbakk.

Han legg til at dei har planar for å få bukt med problema.

– Vi klarar iallfall ikkje å stette dei krava utan at vi får byggje tak og gjere dei tiltaka som må gjerast for at vi skal komme i ein god driftssituasjon. Vi har kalkulert ei utbygging til om lag seks millionar kroner, og vi hadde håpa at vi skulle få starte ein byggjeprosess ganske fort, seier Sandbakk.

Han legg til at dersom alt går etter planen, har anlegget tak over innan august 2014.

Vurderer å flytte

Sist veke skulle lokalpolitikarane avgjere om kommunen skal halde fram å leige ut grunnen til kompostanlegget. Det likar nabo Per Asle Hjelmeland dårleg.

– Dette har vorte verre år for år. No siste året har det vore ekstra gale, slik kan det ikkje halde fram, seier Hjelmeland.

Fleire tykkjer problema har vorte så store, at dei vurderer framtida si i Hjelmelandsdalen.

Trine Meland er ein av naboane som meiner det ikkje er leveleg i området

ORKAR IKKJE: Trine Meland meiner det mest ikkje går an å bu i Hjelmelandsdalen, viss ikkje noko vert gjort.

Foto: Eva marie Felde

– Viss det held fram slik, så går det mest ikkje an å bu her, seier nabo Trine Meland.

At problema for naboane til kompostanlegget har vore store, er politikarane klar over.

– Det har vore ureining som ikkje er akseptabel, og det har vore luktproblem. Slik kan vi ikkje ha det, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Har to alternativ

Sp-politikar Sigurd Reksnes meiner drifta ikkje kan halde fram.

– Viss vi skal ha ein slik type aktivitet i Eid kommune, må ein kunne vente at dei som driv det, held seg til dei lover og reglar som gjeld, seier Reksnes.

Politikarane har utsett saka, og vil no også få greidd ut om heile anlegget skal leggast ned.

– Anten må vi finne fram til ordningar slik at det vert gjort på ein heilt annan måte enn i dag, slik at vi kan vere trygge på at det ikkje blir ureining og at luktproblema kjem ned på eit langt mindre nivå enn kva det har vore dei to siste åra, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Eit anna alternativ er at politikarane seier at nok er nok.

– Og då avsluttar vi drifta av anlegget når kontrakten går ut ved slutten av 2015, seier Bjørlo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heile bygdefolket møtte opp for å syne at dei meiner anlegget må vekk

SAMLA KRAV: Innbyggjarane i Hjelmelandsdalen står samla i kravet om at anlegget må vekk.

Foto: Eva Marie Felde

Nektar å godta dette meir

Sp-politikar Sigurd Reksnes meiner folk er viktigare enn næringsverksemd.

– Vi må først og fremst ta omsyn til innbyggjarane våre. Viss det er slik at dei vert påført ein masse ulempe og plage på grunn av dette, må det vege tyngst, seier Reksnes.

Om det er opp til Bakke, Hjelmeland og dei andre naboane, så er dei ikkje i tvil om kva som bør gjerast.

– Vi ventar at heile anlegget vert stengt ned. Vi godtek ikkje dette meir, seier Bakke, og han får støtte av Hjelmeland.

– No har det halde på så lenge at vi ikkje har tiltru til dei folka der. Då får dei berre pakke i hop, seier Hjelmeland.