Hopp til innhold

By på husvask med Flora-ordføraren og lunsj med fylkesordføraren!

Vil du sleppe unna julevasken? Eller er det freistande å berre sjå på medan Floraordførar Bengt Solheim-Olsen gjer den for deg? No har du sjansen!

No kan du by på husvask av Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen eller lunsje med Åshild Kjelsnes

AUKSJON: Julenedvask gjennomført av Bengt Solheim-Olsen og lunsj med Åshild Kjelsnes er noko av det du kan by på i samband med årets TV-aksjon.

Foto: Tom Øyvind Solheim/Montasje NRK

I samband med årets TV-aksjon er det fleireauksjonar på gang. Heilt fram til søndag kan ein by på tre godbitar her i fylket. Julenedvask av huset ved Flora-ordføraren, bryggerikurs på Kinn bryggeri og lunsj med Åshild Kjelsnes går under hammaren i løpet av helga.

Du kan by på 97 71 09 43 gjennom heile helga.

Garanterer skinande reint hus til jul

Ordførar i Flora, Bengt Solheim-Olsen, kan ikkje skryte på seg den heilt store vaskekompetansen sjølv, men garanterer deg eit skinande reint hus til jul.

– Eg vil ikkje påstå at eg er god på å vaske, men eg skal klare jobben. Utviklinga går framover, så det finst mange gode hjelpemiddel for å få reint og fint hus til jul, seier Solheim-Olsen, som understrekar at lukta av reint hus med grønsåpe vil vere viktig.

Då han fekk førespurnad om å bidra under aksjonen, så var han rask til å seie ja.

– Årets tema er veldig bra med eit definert mål. Eg trur aksjonen vil treffe godt, og sette ting i perspektiv. Vi kan gå på butikken og handle vatn med både eine og andre smaken, medan andre ikkje har tilgang på reint vatn i det heile, seier Solheim-Olsen.

Trur klar målsetting får folk til å gje meir pengar

TV-aksjonen går i år til Kirkens Nødhjelp, og deira arbeid med å skaffe fleire folk reint vatn. Målsettinga er at ein million menneske i Sudan, Sør-Sudan, Tanzania, Etiopia, Somalia, Afghanistan, Pakistan og Haiti, skal få tilgang på reint vatn etter aksjonen.

Håkon Haugsbø

GJE: Kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp, Håkon Haugsbø, håpar folk i Sogn og Fjordane gjer så det monnar til årets TV-aksjon.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Planane, utstyret og folk er klare. Folk i landsbyar i Etiopia og Tanzania veit at dei kan få brønnar dersom det kjem inn nok pengar i aksjonen, så forventingane er også på plass, seier Håkon Haugsbø, frå Gaular, som er kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp.

Pengane som kjem inn skal nyttast over fem år, og mellom anna gå til å bygge nye og sette i stand gamle brønnar, montere pumper, reinseanlegg og sørge for trygt og reint vatn til fleire.

– Folk ynskjer å utvikle samfunna sine og vil ut av fattigdomen. Ved å få reint vatn kan fleire gå ut i arbeid og ta utdanning, og fleire slepp også å bli sjuke, seier Haugsbø.

– Gjer meg stolt

750 millionar menneske i verda manglar i dag tilgang på reint vatn.

– Vi som har i overflod bør gje ein skjerv, slik at mange kan sleppe å bruke tid på hente vatn som attpåtil kan vere skite. Kvar dag døyr 4100 born under fem år av diare. Det er unødvendig, og det kan vi gjere noko med, seier Haugsbø.

Han håpar at folk opnar lommebøkene på vidt gap når bøssebærarne kjem rundt og ringer på dørene i heile landet på søndag. Oppmodinga hans til sogningane og fjordingane er klar.

– Gjer meg stolt over Sogn og Fjordane!