Hopp til innhold

Buss sat fast i snøskred på Strynefjellet

Ein ekspressbuss med 30 passasjerar køyrde inn i eit snøskred i Hjelledalen i Stryn natt til laurdag.

Buss i snøskred i Stryn

SKRED: Bussen var på veg frå Ulsteinvik til Oslo då han nesten blei treft av snømassane.

Foto: Politiet

Siste: Riksveg 15 over Strynefjellet er no open for fri ferdsel.

Bussen var på veg frå Ulsteinvik til Oslo. Ingen av dei som var om bord blei skadde.

– Vi er veldig glade for at ingen av passasjerane eller sjåføren kom fysisk til skade i hendinga. Bussen stod og gjekk etter at den blei råka av raset, slik at det var varmt for dei som var om bord, seier pressesjef Åge-Christoffer Lundeby i Nettbuss.

Han fortel at passasjerane blei køyrde til Stryn etter at bussen hadde kome seg laus frå snøen.

– Dei blei lagt inn på hotell og vil halde fram turen i dag.

Den første meldinga frå Vegstrafikksentralen Øst kom ein snau halvtime etter midnatt om at riksvegen over Strynefjellet var stengd på grunn av snøras.

Nærare opplysningar viste at skredet hadde gått ved Skora i Hjelledalen, nedanfor Ospelitunnellen.

Ingen passasjerar skadd

Litt seinare viste det seg at det var ein buss frå Nettbuss – Møreekspressen med rundt 30 passasjerar som var nær ved å bli tekne av snøskredet. Det venstre framhjulet til bussen blei sittande fast.

Ifølgje politiet i Sogn og Fjordane dekka skredet heile vegbana i 1,5 meters høgde og er 30 til 40 meter langt.

Ingen passasjerar blei skadde. Politiet opplyser at ambulanse ikkje blei tilkalla då det heller ikkje var behov for medisinsk oppfølging av personar på staden. .

Laster Twitter-innhold

Framleis stengd

Ved 02-tida blei det opplyst at bilbergar frå Viking hadde trekt bussen laus frå snømassane, og at brøytebil hadde kome fram.

På grunn av fare for fleire snøskred var vegen stengd fram til 13-tida laurdag ettermiddag, men no er vegen open for fri ferdsel.

Laster Twitter-innhold
Snøskred i Stryn