Hopp til innhold

Brus er ut på kamp

No kan du ikkje lenger kjøpe brus på kamparrangement på Fosshaugane stadion.

Fosshaugane Campus

Frå no kan tilskodarane på Sogndal-kampane berre kjøpe saft og juice.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Arrangementssjef Geir Inge Heggestad i Sogndal Fotball fryktar ikkje at heiinga blir tam når brusen blir erstatta med frukt.

- Vi har hatt fantastiske tilbakemeldingar frå andre sponsorar, publikum og dei som jobbar i kioskane. Eg trur at alle som var på stadion på søndag tykte det var flott at vi er første fotballklubb i landet som ikkje har brus til sals.

Berre saft og juice

For under kampen mot Bryne søndag var det berre mogleg å få kjøpe saft og juice frå hovudsponsoren Lerum på Fosshaugane stadion. Og det kjem ikkje til å bli endra framover.

- Vi har berre gode forhåpningar om at saft- og juicesalet skal auke. I lag med Lerum skal vi styrke deira posisjon på marknaden.

Viktig for profilen

Han har ingenting imot viss andre klubbar for følgje etter.

- Viss andre vil gjere noko liknande så er det bra. Det vi har gjort no er viktig for både oss, for Lerum og profilen utad.

- Kor mykje har brussalet utgjort?

- Eg har ikkje tala, men på ein kampdag med 2000 tilskodarar er det klart at det har gått ein del brus.