Brunt drikkevatn i Førde

Førde kommune har fått meldingar om brunt vatn i springen. Misfarginga skal skuldast arbeid på hovudvassleidninga. Det skal ikkje vere farleg å drikke vatnet, men det vert anbefalt av kommunen å la det renne til det vert klart.

Vannglass Askøy
Foto: Even Norheim Johansen / NRK