Hopp til innhold

Brukte Kystvakta for å få tak i narko-tiltalt

Politiet fekk hjelp av Kystvakta til å få tak i ein mann dei mistenker for alvorlege narkokriminalitet.

Ifølgje ei avgjerd frå Fjordane tingrett onsdag denne veka, så gjorde mannen alt han kunne for at ikkje politiet skulle få tak i han for å stevna han i samband med ei rettssak.

– Av rapporten går det fram at stevninga blei sendt til fleire lensmannskontor, og at politiet ved eitt tilfelle brukte Kystvakta for å få utført forkynninga, skriv tingretten.

Mannen slo av telefonen så snart politiet presenterte seg, samt at både sambuaren og faren gav inntrykk at dei visste kvar tiltalte var, utan at dei ville bidra til at politiet skulle få kontakt med han.

Mannen er mistenkt for å ha kjøpt over 200 gram amfetamin. Retten meiner det er sannsynleg at han reiste frå Sunnfjord til Oslo for å kjøpe stoffet.

Denne veka blei mannen arrestert og framstilt for fengsling, sidan politiet meiner at han neppe kjem til å møte fram når rettssaka mot han startar 24. januar. Tingretten meiner at det held at han melder seg for politiet kvar dag til saka startar.