Hopp til innhold

Brukte fire år på å byggje orgelet

«Eg gler meg slik at eg held på å miste nattesøvnen.» Det seier organisten på Vassenden. Søndag skal han trylle fram romantiske tonar på eit instrument frå England.

Orgel Vassenden

TUSEN PIPER: Organist Rune Molvik (t.h.) og Karl Russøy testar to av dei nesten tusen pipene i orgelet

Foto: Birger Meland / NRK

Når folk i Jølster samlast til gudsteneste på Vassenden komande søndag, er det nye vakre tonar som vil fylle lokalet.

Etter ei lang reise frå Wales og fire år med møysommeleg arbeid, er det nye orgelet på plass i kyrkja. Organist Rune Molvik kan nesten ikkje vente på å få sette seg ved orgelkrakken.

Eit fire år langt puslespel

orgel Vassenden

NYE TONAR: Orgelet frå Wales skal skape vakre tonar på Vassenden

Foto: Birger Meland / NRK

Det ærverdige orgelet, som i si tid stod i ei kyrkje i Wales i England, kom til Vassenden i tusen bitar i 2007.

Sidan den tid har ivrige jølstringar jobba hardt for å få alle bitane på plass, og no er førti prosent av orgelet klart til bruk.

- Orgelet har eit litt mindre register no enn når det er ferdig bygd i september, men instrumentet er fullt brukande og har ein fylding klang allereie, seier orgelbyggjar Karl Russøy.

Han fortel at dei kjøpte orgelet usett på internett, etter at det i lengre tid hadde lege nedpakka i Belfast i Nord-Irland.

Prisen var det heller ikkje noko å seie på, karane på Jølster betalte for pakking og frakt.

Held på å miste nattesøvnen

På Vassenden blir det no jobba hardt for å gjere alt klart til orgeldebuten på søndag. Organist Rune Molvik gledar deg som ein unge på julekvelden.

– Det er nesten som eg mister nattesøvnen, dette blir ei heilt ny oppleving og eg har aldri vore borti liknande, seier den glade organisten.

Orgel Vassenden

MEKTIGE PIPER: Først i september er alle pipene i orgelet på plass

Foto: Birger Meland / NRK

Orgelet som no skal stå i kyrkja på Vassenden, er ikkje ein vanleg type i Sogn og Fjordane. Orgelet er nemleg av den «romantiske typen». Klangen er mykje mjukare, nesten som ei menneskestemme forklarar organisten.

Første salme som skal framførast på søndag, er sjølvsagt «No livnar det i lundar». Organist Rune Molvik er meir enn klar til å møte våren med eit nytt orgel i kyrkja på Jølster.