Sjukdom har sett ein effektiv stoggar for finpussinga av forma inn mot dei tre siste renna i Norgescupen.
Øyvind Vagstad kan truleg sjå langt etter samanlagdsigeren, men med tredjeplass i samandraget er pallplass fullt mogleg.
– Avstanden til leiaren er nok i største laget, men med ti poeng til andreplassen så kan det gå om eg køyrer bra dei siste renna, seier han.
Har mekka bilar
Vagstad er heime i Sogn, men har så langt sett langt etter skiaktivitet. Etter Norgescupsigeren i Åndalsnes sist helg vart han sjuk.
Ski og stavar vart bytt med verktøy og mekking på bil og syklar.
– Eg har måtte ta det roleg nokre dagar. Det var seigt å sitje inne no som det har vore så fint føre i fjella, seier han.
Siger på heimebane
– Men no skal eg til att. Først på ski i morgon, så til Hemsedal og kinesisk utfor, før eg kjem heim att til Sogn og får køyrt litt portar, seier han.
Deretter står Galdhøpiggrennet for tur 11. april, før Norgescupen blir avslutta i Sogn med Klassisk i Luster og «Kjeringi Open» på Leikanger helga etter.
– Det skal mykje til for å vinne alle, men eg har veldig lyst til å vinne eitt av dei to siste. Å vinne på heimebane hadde vore ei kjempeavslutning på sesongen. Det er eitt av måla for sesongen, seier han.
Hevda seg i junior-VM
Vagstad og Sarah Fiskaa Haugen var dei lokala håpa under junior-VM i Steamboat Spring i februar.
Her vart det to 9.-plassar og ein 17.-plass for Vagstad.
– Det var greitt det og ei veldig kjekk erfaring. Juniorane held jamt høgare nivå i år enn i fjor, og då er det moro å sjå at ein kan plassere seg høgt oppe når alt klaffar, seier han og fortel at han var nummer tre i prologen i parallell. I 8.-delsfinalen var det stogg etter ein feil.
Er i god form
Vagstad har køyrt Norgescupen sidan han var 15 år og meiner sjølv han i år er blitt ein meir stabil utøvar.
No håpar han på ein god avslutning på sesongen.
– Forma er god og eg meiner eg held same toppnivå i år som fjor. Inn mot neste sesong må eg halde endå meir fokus på skøytetrening og styrke, seier han.