Hopp til innhold

Brukar over ein halv million på Rumohr-kunst

FØRDE (NRK): Sogn og Fjordane Kunstmuseum vil bruke over ein halv million kroner på å kjøpe inn kunstverk av Knut Rumohr.

Rumohr-utstilling

FÅR PENGAR TIL KUNST: Til høgre, avdelingsdirektør, Morten Johan Svendsen, direktør for Musea i Sogn og Fjordane, Anne Marie Førde og Alexander Dvergsdal frå Sparebankstiftinga.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

– Knut Rumohr er jo ein av dei store modernistane i Norge og han er godt representert i norske galleri, men i enno ikkje i Sogn og Fjordane seier avdelingsdirektør, Morten Johan Svendsen.

Sjølv om Knut Rumohr var busett i Oslo reiste han likevel årvisst heim til Frønningen så lenge han levde. Der han hadde eige hus og atelier, og arbeidde der heile sommaren.

Vil syne utviklinga til Rumohr

Tysdag vart det kjent at Sogn og Fjordane Kunstmuseum får ei pengegåve på 400 000 kroner frå Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane. Pengane brukar altså museet på å bygge opp ei samling av Rumohr.

Med utgangspunkt i ei utstilling frå 2014 har museet sikra seg verk frå heile perioden frå 1948 til 1998.

– Her kan vi syne den høge kvaliteten hans, men vi syner også utviklinga han som målar.

Fyller eit hol

– Denne utstillinga betyr at vi no får fylt eit hol i samlinga vår, seier Svendsen.

Svendsen meiner dette vil bli eit løft for museet når dei skal formidle kunsthistoria i Sogn og Fjordane.

– Kvart einaste år, så lenge han levde, budde og jobba Rumohr Frønningen. Så han er i høgste grad ein kunstnar frå Sogn og Fjordane, sjølv om han i mange år hadde sin viktigaste arena i Oslo, seier Svendsen.